Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

 

Som dreng hos dokter Jahr

Første året eg var borte, var eg hos dokter Jahr. Det var i 1894, og eg var da 14 år.

Eg fikk 90 kroner i årslønn. Året etter gav han meg 105 kroner. Tredje året tok eg så teneste på ein gard i Torpa. Der var lønna 140 kroner og fulle klede. Verdet av fulle klede var rekna i 60 kroner. Det var 1 dress, 3 par sko, 2 par hoser, 1 par attpåbindingar, 2 par votter og 2 skjorter.

Lønna til andre drenger ut over på gardane var ikkje så høg da. Ein dreng kunne få det eine skoparet sydd som støvlar, men han måtte da sjølv legge til ler til skaft i støvlane (Oppskr. N. Land).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *