Internt referansenummer:B-000014
Kilde:
GAMALT FRAA TELEMORK
Av: Chr. Gunnhejm
Skien 1915 Erik St. Nilssens bokhandel

Song-Andres

Han stakkars Andres var ein vesall stavkar fraa Bekkjedalen ein plass under Askilt i Bøherad. Me veit det ofte var smaatt um mat for ein 60, 70, 80-100 siden. Mange baade menn og kvende gjekk um og bad seg føda naar dei ikkje var føre til aa arbeida. Eg kan minnast fraa eg var liten kor tidt det kom slike bedarer heime, og det raaka dei endaa mettest i døri, so ein kom nett som den andre gjekk. Det var ikkje so mange bygdar-folk; men fatige fraa grannesoknerne Sauar, Heidal, Sande og Bøherad. Me gutungarne var svært glade naar sume av desse stavkarer kom, helst naar dei kom um kvelden, so dei maatte faa hus um natti. Ja, for sume av dei var so flinke til aa reda, fortelja rispor, og til aa syngja for os. Me gløymer ikkje ”Prinse-Lars” fraa Lunde. Han ikkje berre fortalde sine mange bjønnesogur, men han sprang utyyer golvet og sunde kos det var tilgjenge og grylte som ein bjørn, eller ylte som ein skrub, um det var ei skrubbesoga han fortalte. Men Song Andres han berre song. Og det kunde han. Han song og berre av dei gamle gode songarne med dei gamle nationale tonarne. Han hadde ei sers song-gaava.

I sine unge dagar hadde han farta um paa marknaderne og i brudlaup og sunge for folk.

– Dei kalla meg for ”Song-dølen”, daa eg var ung, pla han segja, naar han svalla um dette.

Det var mest bibelske songar han pla syngja, som av Peter Dass, Berta Canutta, Dorthea Engebretsdatter, songar av Troens Tanke-tøyle o. s. fr.; men og andre gode songar. Eg kan enno godt minnast ein væn morgonsong han ofte song og med ein egte telemarkisk tone. Songen luda so:

Gud være lovet vidt og bredt,
velsignet være navnet dit,
vor Gud av Arilds stamme.
Jeg vil i denne morgenstund
dig prise udav hjertens grund,
for du din sol lod rinde
og skinne frem saa frydelig
over høie bjerg og tinde !

En ting saa vil jeg bede dig,
vil du, o Gud bønhøre mig:
Lad mig i nød ei vanke!
som Lasarus for nogens dør,
du maatte da langt heller før
til gravens hus mig sanke,
der hvorom ei vist ingen mand
kan have mindste tanke.

O store Gud som livet gav,
giv kost og føde til vor grav,
saameget munden æder!
Giv sko at skjule nøgen hæl,
giv kraft at læske hver hungrig sjæl,
giv kroppen sine klæder!
Lat mig og mine ei fattes brød
til vi i graven træder!

Bevar mig, Gud, fra bræk og mén,
min fod fra snubel, støt og sten
og andet sligt tilfælde!
Bevar mig for en giftig tand,
bevai mig for en ivrig mand,
naar han er i sin vrede!
Bevar mig for alt andet ondt,
o Herre Gud, gjengjælde!

Ein annan Song-Andres’ song luda so:

Salig og evig hos Gud udi naade,
er det itide at tænke sig om.
Leve for Gud og for mennisken baade,
Ærlig, oprigtig, gudfrygtig og from.
Siden vi maa, himmerig faa,
naar vi omsider skal lægges paa straa!

Stakars Song-Andres! Han fekk regtig freista dei tunge kaar og draga um og tigga sit braud for kvar manns dør, gamal og sjuk som han var. Han hadde astma, so han ikke kunde ligja men gjerne sat i ein kubbestol med føtarne sine uppi peisen, eller i omns-kraai, slik sat han og sov um natti. Men det var endaa syrgjelegare aa høyra um kva ende det tok med honom. Han hadde starva seg fram fraa Lundeherad til garden Børte seint ein raa og kald haustkveld, var inne hjaa Torstein og bad um hus for natti, men vart nekta, vart det sagt, so hadde han teke leidi mot Myhre, men teki i mist av vegen under kyrkjekleivi og kome inn paa ein bruksveg som gjekk upp i Torstein Børte sin skog. Ved ein bekk hadde han her sige um. Dei hadde høyrt ein skrik um kvelden baade paa Aase og Myhre, men ikke gjort noko ved det, daa dei trudde det var fraa eit gale menneskje, dei visste um. Her inne i skogen var so armingen somna inn forgodt ved sida av nistebumba si, laag so ned-snødd vinteren yver, og vart ikke funnen fyrr ein høgsumardag, da Torstein Børte sjav dreiv krøteri sine tilskogs den leidi, daa fan han honom. So fekk han Hans Kaasa i Bø og Gonlek Moen til aa henta han. Snikkarne som arbeide andre aaret paa nye kyrkja i Bø stod inne i kyrkja og gjorde kista aat honom. So var Song-Andres kome til det lande han hadde sunge um vil me vona. Ein av dei songarne han mykkje brukte var og denne ovvæne som luar so:

Salig og evig hos Gud udi naade
er det i tide aa tænke sig om.
Leve for Gud og for mennisken baade,
ærlig, oprigtig, gudfrygtig og from.
Siden vi maa himmerig faa,
naar vi omsider skal lægges paa straa.

Fred være med honom!

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *