Kilde
FOLKELIV I SETESDAL
Av Svein Hovet
Rune Forlag
Trondheim 1969

Song og spel

I 1850-åra var det ei rik blømingstid for song og spel i Setesdal . Der har vel aldri nokon gong vore så mange store spelemenn og kvedarar som i den tida. I Bykle
var det Knut Vatnedalen som var den mest kjende spelemannen, han vart
ofte kalla Buseten. Han var elles både snikkar, målar, rosemålar, men
mest av alt spelemann. Den gong var fjellvegane mykje brukte, og Bykle
hadde vel like mykje samband med Telemark, Suldal og Røldal,
som bygdene lenger nede i Setesdal. Knut Vatnedalen spela i mange
bryllaup i Suldal og Røldal, og han hadde jamvel spela saman med Myllarguten.

I Hylestad var det Olav og Tarjei Faremo som var dei store meisterane, i Bygland Torkjel Aslakson, Nere Nese, Eivind Frøyrak, og Torjus Odden frå Frøyrak, i Evje
Gunnar Gautestad. Alle desse var — kvar på sin måte — med og skapte det
sermerkte setesdalsspelet. Dei hadde alle sitt sermerke. Knut Vatndalen
spela heller lågt, men mjukt og vedunderleg vakkert, Tarkjel Aslaksom
spela høgt og sterkt, men sjølve grunntonen var den same hos alle.

I denne tida steig også Eivind Aakhus fram. Han var fødd på garden
Aakhus i Bygland den 18. desember 1854. Alt i smågutedagane pusla han
med fela, og det var opplagt at han skulle bli spelemann. Han var då og
i nær slekt med sjølve Tarkjel Aslakson, og fekk møta han ein gong i
levande live, men den store meister var då gamal og bøygd.

Men etter det Eivind Aakhus fortel i boka si «Minne frå Noreg og
Amerika», hadde han det svært vanskeleg då han tok til å spela. Mor
hans var så sterkt imot at han skulle bli spelemann, det var berre til
å tulla bort tida, meinte ho, og drykk og annan styggedom følgde med
fela. Og ho var nok ikkje åleine med den trua den gong, at fela var eit
djevelens instrument, og då var det ikkje rart at ho ville sonen skulle
halda seg borte frå det. Men han kunne ikkje tenkte seg livet utan
fela, difor måtte han halda ho løynd, og han spela på slike stader at
ikkje mora kunne høyra det. Faren derimot hadde ikkje noko imot
spelinga, han var elles bror til spelemannen Eivind Frøyrak.

Mange av dei store spelemenn var stemningsmenneske, lunerulle og
kjenslevare, i deira sinn kunne det skifta brått frå sol til skugge,
frå dag til natt. Tenk berre på Nere Nese når han kom inn i sine
religiøse kriser så han tok og knuste fela, og såg berre det som mørkt
var. Men det varde oftast ikkje lenge før han fekk tak i ei ny fele og
tok til å spela att. Når Olav Faremo sat og spela i gjestebod, og
høyrde eit ord han ikkje likte, tok han fela under armen og gjekk sin
veg. — No daskar Faremoen, sa han. Og då var der ingen som kunne få han
tilbake.

Eivind Aakhus kom inn i ei religiøs krise alt då han var femten år
gamal, hadde nett blitt konfirmert og skulle gå til alters. Det var ei
vond tid, han kjende det som ei løgn å ta oppatt dåpslovnaden, og den
sundagen det skulle skje, vart han «omvend». For at alle skulle skjøna
korleis det var, la han bort fela.

Eit år etter reiste han til lærarskulen i Holt, og endå, han var berre
16 år og altfor ung, kom han seg inn. Utpå vinteren der kom han seg ut
av den religiøse krisa, og tok til å spela att. Han tok eksamen om
våren, men kom aldri til å gå noko meir på skule. Heimkomen til Bygland
att, vart han saman med mange slag spelemenn, og høyrde mykje godt
spel. Han lærde mykje i denne tida. Då han var soldat på Gimlemoen,
laut han spela for general Wergeland, og fekk av den grunn ei finare
uniform!

Men det var ikkje lett å skapa seg noko framtid i Setesdal, og berre 24
år gamal reiste han til Amerika i 1878. Eine bror hans, Grunde, hadde
reist eit år før, og hadde kjøpt seg farm. Eivind vart med i treskinga
om hausten, men om vinteren måtte han arbeida for maten hos ein
amerikaner. Men sommaren etter fekk han arbeid hos setesdølen Daniel
Ose, og vart seinare gift med dottera hans, Gro. Då kjøpte han jord og
tok til å driva gard på eiga band, Speling vart det ikkje tid til, og
han selde fela for 30 dollar, noko han seinare trega hardt på. Grunnen
var nok helst den at han hadde kome inn i ei religiøs krise att, det
plaga han av og til.

Han dreiv som farmar i 8-10 år, men ved ein del tomtekjøp tapte han alt
han åtte, og så vart det å flakka omkring att. Då tok han til å tenke
på fela, kjøpte seg ei «dusifele» og drog på konsertferd. Det gjekk
godt, folk ville gjerne høyre han spela, og han fekk mange lovord i
avisene. Men han var ikkje nøgd med fela han hadde, og bytta gong på
gong. Han kjøpte jord, og rydda seg gard att, men selde alt saman i
1916. Nå auka spelferdene på, men det var likevel ikkje så lett å leva
av berre speling, så han laut ta ymse jobbar innimellom. I 1894 råka
han Lars Fykerud, som då hadde reist vide omkring, og som hadde så
makelaus god ei fele som han kalla «Sigrid», og som Eivind ofte hadde
hatt hug på. Nå ville Fykerud heim til Noreg, og baud bort fela for 100
dollar. Men Eivind hadde ikkje så mange pengar, og så vart dei samde om
å reisa saman og halda nokre konsertar så han kunne få pengar til fela.
Men det vart ikkje pengar av dette, og Eivind måtte låna av ein
kjenning, og så fekk han endeleg tak i «Sigrid».

Han heldt fram med konsertar saman med Alexander Bull, son til Ole Bull,
og saman reiste dei til Noreg i 1898. Eivind hadde då vore i Amerika i
20 år. Han kom helm til kappleik i Bergen, der vart han med, og kom
saman med fleire av dei mest kjende spelemenu i landet, m, a. Ola
Mosafinn og Sjur Helgeland. Frå Bergen reiste Eivind gjennom Hardanger
til Odda, over fjellet til Røldal og Haukelid, og nedover til Flåthyl.
Vidare over fjellet til Bjåi, øvste garden i Setesdal, og der frå og
nedover dalen kom han til å oppleva litt av kvart. I Bykle samlast
mange folk då dej høyrde kven det var, og han laut plent spela. Det
gjekk ikkje likare enn dei tok til å danse så det berre fauk etter —
inne hos handelsmannen. Ikkje fullt så fint gjekk det i Trysdal, der
han råka eit par ungdomar som gjekk og vende høy. Dei bad han om å
spela, men det høyrde far deira som var eit stykke unna, og kom
setjande. Han let om at han hadde ei god øks på staden, og skulle snart
hogga sund fela, om ho kom fram. Det nytta nok lite kva dei to
ungdomane sa. På hotellet i Viki i Valle var det Dreng Bjørnaraa som
styrde. Dokteren i Bygland var der då Eivind kom, og ville gjerne at
han skulle spela. Men straks han tok til å klunka på fela, kom Dreng:

«Ikkje noko speling her, for eg meiner det er synd», sa han.

Eivind heldt ei mengd konsertar rundt omkring i landet, før han reiste
til Amerika att i 1900, der han heldt fram med spelinga. I alt reiste
han fire gonger mellom Noreg og Amerika.

Eivind Aakhus var ikkje berre spelemann, han var også komponist, og
laga fleire vakre tonestykke, tenk berre på «Skjoldmøyane», «Gauken i
Byglandsli», og mange fleire. Og ved konsertane sine tala han om
musikken og slåttane han spela, og han kvod stev. I alt han bar frem av
ord og tonar, lyste og levde den gamle Setesdal.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *