Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Spøkeri med Brunkeberg kyrkje

 

Innmed Brunkeberg kyrkje saag dei og høyrde spøkeri jamleg i gamledagar.

Eigong var det tvo som gjekk framum kyrkja um notti. Saa høyrde dei so ven salmesong der inne. Dei gjekk fram til dynni og vilde inn aa sjaa, men dynni var læst, og lykilen var hjaa klokkaren. So stod dei utanfyre og høyrde paa songen. Det var ei salme som stod i den Evangeliske salmeboki, som vart sungi, og som byrjar so: «0 Gud hvor længe skal jeg her mit usle liv hendrage». Heile salma vart sungi tilendes, so vart det stilt som i gravi derinne.

*     *     *

Ei onnorgong var det au fleire i fylgje som gjekk framum kyrkja um notti. Daa saag dei ein heil krulle av menneskje, som stod og ikkje rørde seg innpaa kyrkjegarden. Naar dei saag væl paa dei, so kunde dei kjenne att mange, som var døde for fleire aar sea. Og serskilt var det ei kone som dei la merkje til og kjende so kavende væl. Ho hadde eit kvitt skaut paa hovude, plent som daa ho livde. Det varde ei stund; men so tottest alle søkkje beint ned i jordi att.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *