Internt referansenummer: 15.04.2009 – A
Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

Spøkjelset i troppa

Ho Marte tjente 6 år hos Gunnhild og Arnt Holl’n. Vanleg var det ho som stod opp først om morgonen der i huset. Og ein morgon ho kom ned troppa i mørkret fekk ho høre at det skramla nedi troppstolen. «De va akkurat lekså når slavann’ i by’n reise sæ me lenkjo’ på,» sa ho sjølv. Det rista seg så tungt nedi der. Ho Marja stod litt og spekulerte på om ho skulle snu. Men så sa ho: «Jesu namn», og så sprang ho forbi. Men da var ho så redd at ho skolv. Ho fortalte ikkje nokon om dette før lenge etterpå, for ho var redd dei berre skulle gjera narr av henne for det.

Marie Hafsmo, bondekone, Snillfjorden, f. 1894

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *