Av Johan Juul
Hentet fra Årbok for 1992
Nord-Trøndelag Historielag
AS OFFSET-TRYKK, STEINKJER 1992

Stallen ved Henning-kyrkja

Frkebiskop Jon nemner denne kyrkja i 1280-åra, så det har nok vore gudshus her før den tid. Det er lite truleg at det har vore noko «hov» her; men det er ting som tyder på at det kanskje var ein kultstad på Bilstad.

Vi kan sjå litt på vegar som gjekk til Henning-kyrja i gamal tid. Vegane eller stiane var mest skikka til å gå, gå på ski eller ri på hest etter, frå eldgamal tid og fram til 17-hundratalet. — Frå Verdal kom det veg litt ovanfor der husa på Bremset stod fram til kring 1890, og går stort sett ved den maritime grense, (kalla M.G.) om Bjørnhus, Vedkvam, Fjesme, Susegg og inn i Ogndal ved Kolåsen. Før ein kjem til Vedkvam er det ein plass vi kallar Korshakken, der går det veg ned til kyrkja, og frå Vedkvam går så veg om Okstad, Vekre, over Råmmåguttu, (her er det kultstad med offerstein), ovanfor Hafstad og Rannem og fram til Trana. Det kom og veg frå Røli, Bjerkem og Susegg over myra ved Eli om Okstad og til Henning. Frå vegen millom Verdal og Ogndal over Henning gjekk det og veglei om Aurstad og Nordnes, på kavlveg over Raumyra. Her kom det same type veg frå sør, og ned til Flåttåbrua. Derifrå var det så kontakt med vegnettet vidare vestover milliom anna til Mære som var den store Blotestaden før kristen tid. Truleg har det gått veg langs Figga og til Langli, for det var jo veg om desse gardane til Austmo, her var det kryss, ein veg til Fossan og ein til Henninggrenda. Denne vegen, frå Langli og til Henning, vert kalla Krokleia. Langs med denne er det mange gravhaugar. (Det er sjølvsagt gravplassar ved dei andre vegane og).

Når gjennomgangsvegen Verdal – Ogndal og til Steinkjer vart lagt ned
i låglendet er ikkje greitt å få greie på, det var i Dansketida, kanskje er opplysningane i København. Men den gjekk om Henning-kyrja til 1924, da vart nyvegen million Moen og Heimstad ferdig. Vegen frå Moa-korsen til Henning forfall litt om senn, og i 1956 vart det ny veg frå Gjeldsås og opp til kyrkja.

Året 1922 vart det av Henning landbrukslag valt ei nemnd som skulde prøve å få bygd ein stall ved kyrkja. Desse var med i nemnda: Peter Vibe, Lars Susegg og Arne Juul. — Første møte var 22/1-23. Dei hadde ei liste som var utsent 13/4-22 der mange hadde skrive under på at dei vilde ha stallrom:

Johs. Langli 2 rom, Ole Møller 1 rom, L. 0. Austli 1 rom, Oskar Moe 1 rom, Ola J. Ryan 1 rom. Peter Vibe 1 rom, Lars Suseg 1 rom, Arne Juul 1 rom, John Suseg 1 rom, Gotfr. Aurstad 1 rom, Kasper Susegg 1 rom, Erling Moen 1 rom, Johan Bjerkem 1 rom, Jak. Bjerkem 1 rom, Paul Sjeflo 1 rom, Kristofer Røli 1 rom, Peder Moe 2 rom, L. A. Grande 1 rom, Bjarne Austheim 1 rom, Berntine Hoset 1 rom og K. Sellie 1 rom, dette rommet vart i 1926 selt til Karl Aurstad. Andre rom kan vel og ha skifta cigar seinare.

Før denne tid hadde hestane vore set fast i tre, skigardar o.s.v., kanskje var det og ein «bomm» som var vanleg på offentlege stader på den tid. Men ofte vart det, serleg når det var dårleg ver, innsett hestar i husa til Andreas Bjerkem. Han åtte garden som ligg nærast kyrkja. Difor var det den grundeigaren som ga nemnda lov ti å bygge stallen på sin eigedom, mot årleg leige kr. 15,-.
På møtet den 22/1-23 vart det mellom anna vedteke:

Som post 2, sitat:

”Staldbygningen er besluttet i henhold til kontrakt mellem A. Bjerkem og Henning landbrukslag opført leiet tomt hos A. Bjerkem.
Komiteen har i dag beslutet opført en staldlbygning med følgende storleik i meter. Lengde ca. 20 meter. Bredde 8 meter. Høide 2,30 meter.
Bygningen opføres av bindingsverk og tekkes med spon. — Indredes for 30 stallrom.

3. Til idag har komiteen bindende tegning paa 24 staldrom. I tilfelde ikke flere melder sig inden utligning paa matriel til opførelse av nevnte staldbygning utligenes i henhold til tegningen matrialene paa de nevnte 24 rom.

4. Grundmuren støipes.

5. For aa faa burtsat opførelsen av nevnte staldbygning besluttedes aa opslaa arbeidet til anbud. Anbudene maa være indkommet inden 10ende febr. d.a. paa opførelse av bygning og grundarbeide”.

Dette er underskrive av dei tri medlemene.

”Aar 1923 den 21. febr. hadde byggekomiteen møte hos Peter Vibe. Medlemene tilstede da:
Paa bygningen var modtat 3 anbud: Et paa Kr. 1300 fra Smedvik Egge, et paa Kr. 425 fra Svebstad, og et fra 0. Vestli paa Kr. 350.
Ole Vestlis anbud tintoges. Det pålæges at byggearbeidet utføres inden første september d. a.”

Før neste møte har det nok vore kontakt med både byggmeister og deli som hadde tinga rom, plana er endra til: Grundmuren av store gråsteinsblokker. (Gråstein var det vanlege grundmur-mateiralet fram til den tid. Sementen var kanskje for moderne?) Romeigarane vart pålagt å levere 4 lass murstein for kvart rom. og 5 st. 5 alens – 2 toms bord + 1-4 alens 5/5 tomsboks, det siste er truleg tillegg til det dei hadde levert før; men det står det ikkje noko om i møteboka. Det står millom anna: «Gulvet i bakstald nedlegges saa ved leiet arbeidet. Gulvet i staldrommene inlegges saa av hver eier selv».

«Sluttregnskap:

0. Vestli ifølge kontrakt       kr. 425,
P Vibe for spon                    kr. 181,50
Austli for vindu                     kr.   32,-
Spiker og hengsler             kr. 101,60,-
Kjøbt tre-matrialer               kr.   55,38
                                                kr. 795,48
Tomteleie for 1924              kr.   15,-  
Sum til utlignng                    kr. 810,48  

Dette er delt på kvart stallrom med kr. 34,-.
Stallen er 31/5-1924 verdsett til kr. 3500,- av takstmenn for «Sparboen og Ogndalen Brandassuranceforening» ved Jon Svebstad og Paul Schiefloe. Vedtat i direktion 3/6 -24. O.H. Lønnum».

I møte i byggekomiteen den 4/1-1924 står som post 3:

”På først avholdende møte i Bondelaget overleverer komiteen staldbygningen til dette lag der har påtat sig at ingaa og sørge for staldens fremtidige vedlikehold i henhold til Samenslutningen med landbrukslaget”.

”Den av Henning Bondelag valgte tilsynskomite for Henning kyrkjestall hadde møte på Okstad den 3. jan. 1926. Medlemene til stades.

1. Som årsbetaling for kvart rom i stallen vart fastsett kr. 1,25.

2. Det vart vedteke å innhente tilbud på utvendig måling av stallen og so samankalla stalleigarane til eit møte om saka.

3. Som formann vart valt Erling Moen, som kasserar G. M. Aurstad».

Underskrive av: Erling Moen, Kasper Susegg og Gotfred Aurstad.

Målinga av stallen vart bortsett til Alv Bjerkem og K. Barkhald for kr. 48,- vart fordelt med kr. 2,- pr. rom.

På same tid har A. Bjerkem lova å fli stallen mot at han fekk gjødsla som vederlag for arbeidet.

I 1925 har Ole L. Haugdal kjøpt stallromet av Lorens Austli.

Som ein ser er det her 6 rom som ikkje har cigar og som andre kunde bruke utan avgift. — Ser av rekneskapen at det har vore skifta takspon på stallen 1944, arbeidet er utført med dugnad og spon og spiker har kosta kr. 20,- pr. rom. U.s. var med på det «kalaset», Jon Svebstad var sjef, fekk kr. 32,- for jobben.

Det var ei viss høgtid over messedagane, serleg vinterstid, med mange hestar med fine selety, bjeller og enkelte «dombjeller», kjøretyet kunde skifta millom langslede, spisslede, vanleg sluffe og korgsluffe. Om som-maren var det fjørvogn, karjol, skyssvogn og trille. Den siste typen var det ikkje mange av i Henning, var nok rekna for luksus.

Det er ikkje ført møtebok frå 8/4-34 til 17/12-65. Etter rekneskapen er det ikkje betalt grunnavgift etter 1951. Men Johan A. Bjerkem har skrive i tilbudet på stallen at soframt pengane går til kyrkja skal han avstå frå dette.

”Aar 1965 den 17. desember vart halde møte hos Johan Ryan for om muleg å avvikle den kyrkjestallen ved Henning kyrkje som no har vore ubrukt lenge da hestane er kome bort frå gardane og bilar og traktorar har kome i staden. Innkallinga til møte var gjort ved lysing i TrønderAvisa.

Da vart fyrehavt:
1. Styret hadde utlyst stallen til salgs, dette var gjort etter samråd med eigarane av stallen. – Det var kome inn eit tilbod om kjøp av stallen, i det grunneigaren Johan A. Bjerkem gav tilbod om å kjøpa han for kr. 400,- — fire hundrede kroner. Det vart vedteke å gjeva pengane til Henning kyrkje til hjelp for oppussing av kyrkja.

2. Det vart framlagt for møtet 2 bankbøker på ca. kr. 12,- inneståande i Sparbu og Egge Sparebank, attåt desse kroner var også rentor tilbode for nokre år. Vart vedteke å gjeva desse kronene tilj kyrkja og.

3. Johan Ryan vart vald til å overlevere pengane til Henning Sokneråd.

Møteboka vart oplese og godkjent. – Møtet slut.

Ola Okstad, Peter Vibe, Johs. Langlid og Johan Ryan».

Stallbygninga på Henning står der enno, av ein eller annen grund er ho berre 15 meter lang. Det har vel den nye cigaren gjort når han skulde vedlikehalda huset, det er jo no meir moderne tak og bordkledinga er «inntakt». Huset er i bruk som redskapsbu og lagerplass, men det er også noko som høyrer kyrkjegarden til som har fått plass der.

Some av stallrom-eigarane hadde fine namneskilt på båsane, ein del av dei er å finne i bygninga. 

Hjelmset 31/5-1992

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *