Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

 

Steffen Dalen

Han Steffen budde i Dalen, ein plass under Skartum. Det var slik hard tel i han, og han var ikkje mykje redd av sei. Sprek var han, og hug hadde han til å sløss. Men han var så ille ute for beinet sitt. Det vilde ikkje hølde. Fire eller fem gongar rauk det.

Han var på Skartum i et lag. Der kom han så meint til, med han sløss, at han datt på beinet sitt. Det gikk av med ein gong. Da bad han karane å stø i så han kunde få slag på den andre karen. Han brydde sei ikkje meir om det at beinet var av.

Ein gong tok han ryggetak med han Nils Plassen. Han Steffen vart under. Da han skulde til å oppatt, var beinet av.

Han kom i følgje med nokon gjentur forbi den gamle kjørkegarden. Gjentun vart så redde med ein gong at døm høldt på å uvette. For innpå kjørkegarden kom det opp noko gvitt, så vart det borte att. Litt etter var det oppe, men vart borte i jorda. Høstkvelden var det, og det gikk det ordet at det var skrømt å sjå på kjørkegarden. Det var fleire som hadde kømmi gamleveigen ved kjørka og hadde sett noko. Men han Steffen vart ikkje redd. Han fekk hug til å sjå hå detta kunde vera. Han gikk likesågodt inn på kjørkegarden og bortåt der skrømtet hadde vøri oppe. Gjentune stod utanfor og hadde beste hugen til å ta beina fatt. Litt etter fekk døm sjå han Steffen bøygde sei ned og tok opp noko gvitt. Han kom like fram til døm med det. Da var det ein liten kalv. Han hadde døtti nedi ei halvferdig grav. Han hadde prøva til å koma oppatt, men hadde glidd ned att ver gong.

Hadde ikkje han Steffen vøri så djerv som han var, hadde det sikkert blitt til at det var skrømt dem hadde sett.

Ved Råenskaugveigen, ikkje langt frå Svarteputt, ligg det ein stein døm kallar Kjempestein. Han’ er stor. Men den skal han Steffen ha løfta ein gong.

Ved Krøderveigen, beint for Dalen, er det ei gran som han gamle Andreas Skartum bad måtte få stå. For under den grana bruka han Steffen å sitta og venta på følk som skulde komma etter veigen. Han hadde så hug til å snakke med følk. Det var etter han var blitt gammal. Grana heiter «Steffensgrana» den dag i dag.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *