Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Sterke-Nils og tussane

Foreldri til Sterke-Nils budde paa Rulleteig, plass under Groven i Brunkeberg. Det var fatigt og smaatt for dei, og endaa same sumaren som Nils kom til, laut mor hans vera burte i onnearbeid paa Groven, og vesleguten laut liggje att plett eismall heime. So skar ho paa ein aaker paa Groven, som heiter Møy-bring; der var toleg nære, so ho av og til kunne springe heimatt og lydast til guten.

Paa Groven hadde dei ei merr heime, som nyleg hadde følja; men folen hadde dei tynt. No hadde mor til Nils fengi lov, at ho maatte tøygje utor merri den vesle mjølki som var i ‘o, og hava med seg heim til baansungen. Dette gjorde ho au nokre gongur. Men daa det leid paa ei tid, vart ho so undri yvi at merri ho tottest vera utormjølka kvar gong ho kom. Og kom ho heim til guten, so laag han au stødt so blid og vælnøgd, og var aldri tyrst.

Detta varde lengi utetter sumaren, og vesleguten laag eismall heile dagane; men voks og treivst so uendeleg godt, og vart so rund og feit, at alle som saag ‘n undra seg.

So var det ein dag med mor hans skar paa Møybring, daa bli ho vari eit framant kvende, som stend innunder merri og tøygjer og mjølkar. Ho undra seg og stirde lengi paa detta, og gjeng burtyvi og vil sjaa betre; men daa ho mest er burtaat bli kvende tvert burte.

Kona fortalde detta med folki paa Groven, og daa sa dei det alle saman, at dei au hadde sett detta kvende kvar dag baade seint og tidleg mjølka, men hadde tenkt det var mor aat Nils.

No skyna dei, at det var tussekone, som hadde mjølka og stelt so væl med vesle guten. Men etter den tid var ho burte.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *