Internt referansenummer: 14.03.2011 – Mail
Kilde:
”Gamalt og nytt frå Nissedal”
Nissedal Historielag

Stikkelsbærdreparen

Av Helge Juva

Det vart som regel berre litt lugging i håret, og ei skjennepreike og det gjekk no yver – . Eg var no forresten heilt snauklypt, so det var vanskeleg å få tak – , og eg stod no heller ikkje å venta. Ein dag på ettersumaren var grannekona på vitjing. Dei vaksne hadde ete og drukke kaffe, og no tok dei ein tur rundt ikring. Dei såg på blomane, og gjekk og rødde um alle ting…. Eg fylgde med, var alle stadar framme, og lydde og såg…. Og ofte kunne eg få mangt og tenkja på som dei vaksne hadde rødd um.

Då dei kom framum hage muren sa grannekona at her var det svært med stikkelsbær, her vart det nok syltetøy i massevis. Men mor drog liksom på det. ”Nei du skjønar det at dreparen`er der ser du, so det vert nok ikkje stikkelsbærsyltetøy i haust. Eg høyrde på dette, og ville straks ha greie på kva det var. Men dei høyrde ikkje på meg. Og eg laut gjeva upp. Men fantasien kom i sving. Dreparen tengte eg, det måtte vel vera noko fælt – . Tenk at dei ikkje ein gong torde plukka bæra –bevare meg vel. Etter dette fekk hagemuren med stikkelsebæra ein uhyggeleg draging på meg.

Når eg kom forbi tengte eg på ”dreparen” og kjende ei veldig lyst til å vita kva dette var. Tru um det var so fælt som dei vaksne sa? At det ikkje gjekk an å plukka desse bæra? Det var vel berre ei lygn, dei vaksne laug jamt for oss som var små. Og ein dag kunne eg ikkje lata vera. Eg gjekk langsmed ripsrunnane, og tok meg nokre bær, svinga so burt til stikkelsebæra, rok ut handa og tok meg eit bær. Ingenting hende…. Det var also lygn det dei vaksne sa. Eg stod ei stund, so gjekk eg beint burt til stikkelsbærrunnane, og tok til å eta bær… dei var saftige og gode. Dei vaksne var fæle til å luga……

Men som eg tøygde meg yver buskane og åt, kvakk eg til – Litt burtanfor kom det til syne eit følt ”utyskje”. Hovudet var brunt, med to kolsvarte augo som såg beint på meg. Det forsvant like fort, men kom att på ein annan stad. Og like stygt var det. Vart burte, og kom endå att -. Gud hjelpa meg, dette var nok dreparen, det var tydeleg at det var alvor likevel. Eg var so redd at eg kan ikkje sei det. Eg sputta ut det bæret eg hadde i munnen, kasta det eg hadde i handa, og hoppa utfor hagemuren. Den var veldig høg for slik ein liten tass som meg, eg datt over ende, men kom meg på føtene att, og rende mot løa og illskreik, tengte at dreparen var etter meg, for rundt løehjørnet, inn i skogen, og kasta meg på magen inn i staurkotet mellom stallveggen og løeveggen, og låg heilt still.

Men jamen hadde eg sloppe undan -, det var vel eit Guds under, for noko styggare enn dette, hadde vel ingen kome levande ifrå nokon gong. Eg vart so glad at eg gret – lenge. Eg hadde visst somna, for då eg sansa meg att stod broren der. Han ville syne meg noko rart som han hadde sett. Ja eg fylgde no med, men då han gjekk burtette mot hagemuren, då sette eg meg ende ned i graset. Han såg litt på meg, men gjekk vidare. Då skreik eg ut ”pass deg for stikkelsbærdreparen, han tok mest meg for ei stund sidan”. Bror min snudde seg mot meg, eg såg noko rar ut, for han sette i og læ, han lo så han stod tvikrokut.

No laut eg fortelja heile historien. Då eg var ferdig sa ha: ”No skal eg syne deg dreparen”. Han tok meg burt til ein sprekk i hagemuren, og inni der låg jamen tri små dyr, han sa det var eit røysekattpar som hadde ungar der-. So det var nok desse eg hadde sett. Eg såg røyskattane att fleire gonger seinare, dei smatt inn og ut av hagemuren. Der var mykje stikkelsbær seinare um åra og men eg likar ikkje stikkelsbær.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *