Internt referansenummer: 15.06.2011 – Bok
Kilde: Med Nordfjordglimt i auge
Av: Martin Lilleheim
Teikningar: Tore Geir Aaland
Utgitt i 1992

Klikk her for å lese “Forordet”

Stortingsmann på haik

Det var i dei dagar Paul Svarstad var på Stortinget. Ein dag kom han til Hjelle i Eid frå Ålesund, men vart for sein på bussen til Stryn. Han var då innom bensinstasjonen for å forhøyre seg litt med Knut Hjelle. Dei hadde vore på eksisen ilag, og var gode vener. Men der var altså ikkje fleire rutebussar til Stryn den kvelden.

–    Vel, sa han Paul. So får eg haike då.

–    Ja, det går nok. For det kjem sikkert einkvan forbi som ikkje kjenner deg, repliserte Knut omgåande.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *