Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Svartekunster

Det vil nok undre mange at det virkelig sitter att så mye som det gjør av merkelige kunster i ei bygd så nær Oslo. Men det meiner jeg ikke, at folk her lenger trur på alt dette med maning og lesing, fakter og tegn. Men når folk i dag like vel hugser og kan fortelja som de virkelig gjør, ja da kjenner ein det tvert igjennom hå stor makt det må ha hatt over sinn, tru og tankegang attover i tida.

Ein kan lære av dette hossen de gamle stridde seg gjennom livet med tru og råder i alle ting, der ein i dag lær åt slikt og veit betre. Elles er nok ikke vår tid så klok som ho leter til. Jeg tenker det ennå fins de som gir kua bly mot kvast, eller jordsmøyger unger, eller sanker firkløver og legger under hugugjerda si for å få se kjæresten sin. Håp og tru er nok sterkere i oss enn vi vil væra ved mang ein gong.

Svartboka

Sorteboka

Illustrasjonsbilde av en «Sortebok».

Svarteboka frå Jerstad

Svarteboka frå Jerstad. Funni på loftet i Veslestua 1937.

Denne svartboka har fire små blad omkr. 16. 10 cm. Ho inneheld 10 råder (formularer) skrevi med gotisk skrift. Det meste er greitt å tyde, berre 10. råda er ulesande. Det heile er sjølsagt skrevi av etter ein original eller etter ei eldre hand-skrift. Den som har gjort det, har vori godt inne i skrivekunsta. Her og der er likevel gjort somme feil, som ein lett kan sjå. Avskrifta her er bokstavrett og nøye gjort.

 For Hoved pine

Miriand, Karve og ViinEdikke. Der af giøres en deig og Legges i En Paase. Men Kamfær Spiritus skal Smøres Over Deigen. Det skal lægges paa Hovede. —

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *