Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968
Utgitt første gang i 1868

Svartebok å trøllskap

Finnekula

De høve stundo, når ain slagta krytyr um hausten, at de finst noko runde hårklumpa i indr'enn. De ha vore folk, som ha sagt, at slike klumpa era finnekulu, å at dai bi utskotne tå trøllfinno på sovoren måte:

Når trøllfinnen e på ai ulune å vil te gjera vondt tolk ell krytyr, elta han se fyst ihop ai rund kule tå rainshår, å se'a kline han ho over me noko saigt sly, å legg ho so i sole å turka ho, so de kjem liku te ai grå eggjeskudn utapå. Når ho no sovore e rai'ug, passe han ain dag, når han fornem de går myki kvirvilvinda, å stelle se baint imot desso rangsøles, blæs tryå gøngu på ho å sløngi ho rangsøles midt inni kvirvilvinden, i di han ropa på ain tå dai støste dævlo. Derette so kvingla ho i kving å i ring, høgt å lågt, over haug å hamar, berg å vatn, te ho råka på ænkort kvekt, menneski ell dyr. De som då fær ho i se bi nau'ele sjuk tå vomberenne, å stundo stupe dai stokkdau ne, men då ha ho mest gingi tvert igjøno hjerte å lunge. Når dyr bi fligin tå hu'e, visa de se ain kolblå flekk både uta å inna der, som ho ha gingi. Få dai ho i skrove, so få dai skrovrenne, men dai bi då go att, når ain skjev lite tå al finnekule å giv dai inn. Desse, som hava gingi tvert igjøno dyre, finnast på marken å era best te botrå mot di stygge finnskote.

Gamle folk rø'a um, at dai ha hoyrt, at finnekulu ha snara umkring leggidn på dai i rabbekjørro uppi åso, når de går kvirvilvinda. Slike kvirvilvinda kjennast på di, at de fylgi ain varm jølg me dai å syne se som ain vaik eld inni dai, å då må ain vara se ve, å sputte tryå gonge inni han, å nebne Jesu nabn, so uheppast ain inki.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *