Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Svartedauden i Ålsgjeld

Segnet segjer, at i Ålsgjeld gjekk dei fri svartedauen. Dette er visst inkje pålitande. Farsotti grasera visseleg her som andre stader i Hallingdal. Då denne grysjelege farsotti kom herjende upp etter dalen, samla ålsgjeldingane seg, drap ein sakeslaus ung mann med kniv og la liket tvert over vegen i soknedelet millom Gol og Ål. Over liket av denne skuldlause mannen kunde farsotti ikkje koma, trudde dei.

Men det uskuldige blodet vart hardt hemna. For til straff for dette har det sea i Ålsgjeld hendt so mange dråp med kniven. Ja, slik lyder segnet lenger nede i dalen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *