Internt referansenummer:B-000011
Kilde
DANS OG SOGER TIL TUDDALSTONAR
Av: O. J. Rui
Utgjeve av Tuddal Spelemannslag ved 25 års-jubileet 1974.
Klikk her for å lese forordet

Svein Løndal f. i Lynidalen i 1864

(Mennesket og tonen)

bilde_side_018.jpg
Svein Løndal med sønnene Einar, Kjetil og Olav.

bilde_side_014.jpg

Svein Løndal mellom fleire sud-bygdingar i 1890-åra. Nr. 3 i fremste rekke: Kona til Svein Løndal, Gunhild, fødd Dalen. 

Svein Løndal var fødd i Lynidalen i 1864. Foreldra hans kom ifrå Tinn. Mor hans Gro Sveinsdotter var av Leikandrudætta, den store spelemannsætta i Tinn, der ein finn kring 20 spelemenn. — Svein var som skapt til kunstnar. Som ørliten strekte han tagl eller tråd over ein tresko, smatt av oppi skogkanten og spela. Og mor hans skyna — og forstod, og let han spele:

– Lær deg å spel fint, sa ho. Slik godfar din gjorde. Ettersom det vert fortalt meistra han fela eit godt bel føre boka. Endå han låg ikkje tilbars, der heller. Mange tilsig frå tonanes eventyrmark møttest hjå Svein: – Leikandrudtonen  – slektsarven, Gibøen Dale, Sud-Bøen – bygdespelet. Myllarfela, Lurås og Fykerudspelet.
Seinare vart kunstnarbrørne frå hans eigen samtid — Haugerud, Borgen, Smedal og Lund med i koret. Sist, men ikkje minst kom grunntonen — lendets låt frå hans eigen barndomsdal til og øvde sin store innverknad på hans kunstnarsinn. – – Den han lydde seg inn i på sine einslege ferder og som han kom til å attergjeve på slik ein meisterleg måte.

At bygdefolket ser sin mann gjenom patriotismens sterkt farga brilleglas er noko me lyt vedgå. Den utanforståande sin dom er derimot meire å lite på: E. R., Gransherad hadde dette å seie om Svein:

– Alle sa ved meg: – Eg har aldri høyrt nokon som kunne spele så vent som Svein Løndal – det var reinare og mjukare enn noko anna spel.

Han hadde ein fin boge og ei meisterleg fingresetting som gav ei forunderleg toneflod i fela. Det kjenslevare sinnet var ogso eit finstilt instrument – ein sjæleleg klangbotn og resonans som kanskje var grunnen til den merkelege makt spelet hans hadde over folk. Når han hadde sine store stunder var det ikkje lang til tårene, hverken hjå han sjølv eller hjå dei som lydde på. Svein var fyrst og fremst heimen sin spelemann. Han heldt seg helst unna dei store samkomur. Dei gonger han var på kappleik var det helst andre som nøydde han avstad. Likevel nådde han toppen som spelemann. Attåt sine mange fyrstepremiar fekk han
Myllargutmedaljen i sylv (1924), og i gull (1932). To spelemenn hadde fenge desse før:

Torkjel Haugerud og Gunnulf Borgen.

Kva Svein Løndal har betydd for musikklivet i bygda og vidare ikring er ikkje sagt i ei handvending. — — Han er skaparen av den spelform som no vanleg går under namn av Løndalsspel og som dei tri kjende sønene hans, fyrst og fremst, saman med mange fleire er utøvarar av i dag. Han var oppattnyar og tildels nyskapar av ei mengd slåttar. Ja, alle som kom innom hans rekkevidde måtte inn i smeltedigelen. Dei har sine lett attkjenne¬lege sermerke, same kor ein treffer på dei: – «Taka åt Lynidølen». Slåttestubbar på eit par-tri-tak — og andre med meire innhald i bygde han ut med variasjoner og sin eigen originale stas:
For å nemne:

– Fenta,
– Tov i Runningen,
– Slåttedalen,
– Gangar etter Svein Løndal og storslåttane
– Tullar-Margit og
– Brynjuiv Olson.

Tullar-Margit var betre enn andre til å kved og tulle slåttar. Hadde etter alt å døme hatt stor innverknad på musikklivet åt Svein Løndal frå hans barndom. Ho vart noko av eit symbol for han, serleg i hans eldre år. Tullar-Margit-slåttane er utbygde av han frå eit par eldgamle slåttestubbar som grunnlag.

Med Svein Løndal vart det gamle Tuddalsspelet henta fram att til heider og vyrdnad. Arvesylvet etter gamle Sud-Bøen vart reinsa og oppattblenkt. Og dei mange halvgløymde bygdespelemenns kunst vart blåse nytt liv i. Sameleis med klenodiane etter dei mange utanbygds spelemenn.

I Sveins tid fekk Tuddal mange spelemenn. Samla var det omkring 30 i talet. Tok ein vel med. seg var det vel nærare 40. Etter folketalet som har lege på knapt 500 vart det ikkje svært langt millom kvar. – I denne tida vart ogso vilkåra for Tuddal Spelemannslag lagd.

Sett i vidare perspektiv var likevel Håvarsspelet hans store foøredøme. Ein møsstrending sa ved eit høve:

– Eg trur Håvarspelet like godt har hamna i Tuddal.

Eles sette han Lars Fykerud høgst av dei spelemenn han personleg møtte. Slåttar etter han og Håvar høyrde alltid til hans faste repertoar. I grannebygdene var Svein Løndal fast spelemann og alltid ein velkomen gjest. Også der høyrer ein Londaltonen i fela både hjå eldre og ung.
Svein Løndal døydde i 1949, 85 år gamal. Or sokneprest Austads tale ved båra hitsette me:

– Han me skilst med idag levde i toneriket og var heilt teken av det. Det var det useielege her på jord han kunne tolke i sine tonar. Han var ein idealist som med alle sine evner søkte det fullkomne. – –

I femtiåra tok Tuddal Spelemannslag ved form. Jon J. Tjønn på med innsamling til bauta over Svein. Det kom jamvel pengar frå Amerika. — Bautaen vart reist på Tuddal Bygdetun med denne innskrift:

– Det var 'kje berre bogedrag, men sjælespel du folket gav. Me minnest vel din Håvars draum og Brynjulv Olsons rike flaum. 

J. J. Tj.

Ein mindre stein vart reist på grava hans ved Tuddal kyrkje. Bautaen vart avduka i 1956. Ludvig Jerdal heldt avdukingstalen. Sønnene Ola, Ketil og Einar spela ein slått saman og underskrivne les ein prolog:
SVEIN LØNDAL

Til avduking av bautaen – 1956.

Mange kjenner dette namnet – –
Minnest mannen
Minnest fela –
og den unders mjuke klangen,
– kjenningsteiknet når han spela.

– – –

Her er låt av mange slags,
fjellet skogen fossen steinen.
Storren på si myr — og einen
i orkesteret har plass.

Under dette veld av tonar
ofte upp av stormen jaga.
Vart me fødde — vart me vigsla
til eit liv i mykje strid.
Jamt dei same tonar laga
samljod til disharmoni.

Likt sitt lende folkesinnet
syner bratte, tverre sider.
Lyfter sprengde tindar over
skuggehall og skume skrider
der det rasar jamt og samt.
Men, og klåre sildrebekker
måsåens og lyngets sus
med dei mjuke melodiar
leve kan i blodets brus,
om det får den rette næring
som kan stemme
sinnet inn for desse tonar
og den store harmoni.

– – –

Han som me idag mun heidre
var ein tonens sendemann.
Utor alt som hadde mæle
alltid noko gjævt han fann.
Bjølla for hans barneøyre
Fjølene med taglstrenger
kom med bod frå dulde rike
berre til for han — og slike
som var skapt med same trong.

Kvad i eino Tullar-Margit.
Mor og Signe Øystul song – –
Ketil Øygarden og Ola
frå den store trolske verdi
nordmed Kova
ofte innom var på ferdi
og drog av ein slått på fela
– kveikte hugen stort i brann.

Men, når gamle SudBøen spela
vigdest Svein til spelemann.

Sidan skreid forbi hans øyre
Knuts og Lars' toneflod
lagdest som eit fjernt vermål
til hans eige lendes ljod.

– – –

Han som me idag skal minnast
var ein tonens adelsmann
Når han strauk på fela var det
mest som skire sylvet rann.

Alt det harde alt det kvasse
strauk han bort or folkesinnet.
– Mest som denne minnestytta,
der ein bauta bygd av tonar
vil om Lynidølen minne
og vil røre ved det gode
– nemne det påny ved namn,
soleis som han alltid gjorde
når han fela la til kinn
og let blikket langvegs fare
til dei dulde rike inn.
Takk Svein Løndal!
Takk for tonen!
– den som stasa vegen din.

For ordens skuld skal me nemne felune som har hatt den ære å ha lege i Sveins hand:

Det var taglstrengfela med sine spæde klynk i ein ihuga guteneve.
Hans Johanson-fela sist i skulealderen. Vollanfela i framslengingsåra.
Det var Steintjonndalsfela («Aslaug»), då han stod på høgdene som spelemann.
Venåsfela i hans ettermiddagsstunder og
Tjønnfela, som den siste i hans visne gamalmannshand.

Ola, sonen hans, har denne fela no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *