Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

Synsprøva

sogne-stubbar_-_synsprva_020Han Sjur som budde ute i Eivindvik hadde prøvd så mykje her livet. Litt anleggsverksemd hadde det vorte, men for det meste hadde han stelt med fiske. Han hadde rodd fisket, som det heiter.

Verksemda hans som anleggsarbeidar hadde gjort han kjend med innlandet, medan hans lengste reis til sjøs hadde gått til Island og Færøyane.

Nå var han vorten gamal og med alderdomen kom og svekking av synet. Lenge hadde han snakka det bort, men då han til slutt hadde vanskar med å få nykjelen inn i låsen til kjellerdøra når han skulle ned og ha seg eit velfortent glas heimebrygga øl, fann han ut at her måtte noko gjerast.

Etter å ha samla seg nokre dagar, dro han så ein vakkor dag av stad til distriktslækjaren. Dei var gode vener, og det enda med at distriktslækjaren rådde han til å dra ein tur til Bergen. Lækjaren hadde nok ein baktanke med dette. Sjur kunne ha godt av nok eingong å få reisa bort for nokre dagar.

Sjur kom då og til Bergen i god behold. Her trefte han nokre gamle fiskekameratar, og det enda med at sams minne skulle gjenoppfriskast, og då på ein høveleg måte.

Sjur kom difor først til augnelækjaren same dag som båten skulle gå. Han var då nokså trøytt.

Lækjaren viste han ein plansje med bokstavar av ulik storleik, idet han spurde:

«Kan De lesa hva som står der?»
«Nei,» svara Sjur.

Lækjaren ba han då gå nærare og spurde for kvart skritt om han kunne lesa det som sto der, men Sjur kunne ikkje det.

Undrande spurde lækjaren til slutt:

«Jeg begynner å lure på om De i det hele tatt kan bokstavene?»
Sjur såg lenge på han, turka panna, såg enno eingong, så endeleg kom det lågt, han kviskra mest:

«Jau, bokstavane kan eg, men da e bere so vanskeleg å fao nokon samanheng i dei orda som staor pao plansjen.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *