Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Tannpine

(Livsmakter, sjukdom og åtgjersle…)

 

Ei råd mot tannpine var det å ta ei treflis og pirka i tanna, so det kom blod på treflisa. So galdt det um å få treflisa inn i eit tre i skogen. Merkeleg nok so hjalp ogso denne råda.

Dei skar tri trefliser og stakk ned i tanna, so det kom blod på dei. So bar dei treflisene ut i skogen, bora eit hol i eit tre og la dei tri flisene inn i holet. Etterpå tetta dei so att holet vel, so ikkje folk skulde koma burt i treflisene og få tannpina på seg av dei. Då gjekk tannpina over på treet. Men den som hogg treet, fekk tannpina på seg.

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *