Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Teikn på saulykke

Frå gammalt har det vore visen at tenestfolk og born på gardane i gauldalsbygdene har hatt eigne sauer. Dei hadde vanlegvis kvar sin sau.

Da som no kunne det vera så ymse med lykke til dyra.

Eit gammalt merke på god saulykke var det når eigaren hadde kvite flekker i neglane.

–    ”Du ha merkje på god søløkk du, sa dei gamle, for all di fin ull døm kjem att med åt deg te høsta.”

Di meir kvitt og di større flekkar – di større saulykke og meir og finare ull.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *