Kildeinformasjon:

Boka

Internt referansenummer: 05.03.2013 – A
Kilde:
RUNER I SKOGLANDET
FOLKEMINNE FRÅ INNHERAD
Av: Otto Sandhaug
Klikk her for å lese om Otto Sandhaug på Wikipedia
Klikk her for å lese om Otto Sandhaug på Steinkjerleksikonet (med bilde).
Teikningar: Waldemar Schei
RUNE FORLAG – TRONDHEIM 1964
A/S Nidaros og Trøndelagens Boktrykkeri
Klikk her for å lese bokens ”Forord” 

 

Tekksjøen

Langt nord og vest i Åfjordsålmennigen ved Finndalselva ligg eit gamalt halvt attgrodd setertomt som heiter Tekksjøtømtet.

Her skal det ha vore ein stor gard ein gong i eldgamal tid, veit folk å fortelle, ein gard som heitte Tekksjøen. Ein stor gard ja, med ikkje mindre enn 12 klavebundne naut på fjøset. Og det kan godt ha vore tilfelle. Staden var og er eit Gosen — som iallfall baud på beite og slåtteland nok — om det no ikkje nettopp flaut av mjølk og honning.

Og ikkje hadde dei høve til å bitast med grannen kvar dag, dei som budde her.

Tek ein veglengda til dei næraste, er det omlag fire timars gang til Stjern i Åfjord frå Tekksjøen, fem timar fram til Malm, to og ein halv time til Finnvollen på Namdalseid og omlag to timar til Sildra i Sela, som var næraste grannen; så det var nok ikkje kvar dag dei såg framandfolk i tunet på Tekksjøen.

Men dei klara seg den ting forutan. Dei hadde det dei skulle hjelpe seg med i matbu og utkjellar. Og vart det knapt med sulet, gjekk ikkje elgen langt borte.

Når det busette seg folk her, er ikkje godt å segje. Staden ligg i den gamle ålmenningen som tøygjer seg vestover til det store vassdraget i Finnvassdalen. Men lenge er det nok sidan den første mannen sette greip i jorda her.

Ein veidemann, ein skogsmann, som hadde nok med det evige sus i skogen —. Ja, kanskje det. Ingen veit kva han heitte eller kom ifrå. Men eit godt stykke av eit mannfolk var det sikkert som slett ikkje kjende nokon kneskjelv korkje for ein skugge eller ein vegstubb.

Den første folk veit å fortelle om, heitte Ole Petter. Han kom til Tekksjøen ikring 1865, kor det no var ifrå. Han rydda jord og bygde hus her og skulle etter måten sitte bra i det.

Femtan år seinare flytta Johannes Sverkmo frå Namdalseidet dit. Dei gjorde byttehandel, han og Ole Petter.

Denne Johannes hadde ein gardpart i Stjern i Åfjord som han var like hendt med og gjerne bytta bort, berre han kom seg retteleg til fjells. Og Tekksjøkallen, som hadde kome på at det kanskje kunne ha vore rart og budd ilag med folk ei tid, var villig til å overlate Tekksjøen til Johannes mot gard-parten i Stjern.

Dei gjorde så alvor av «handelen» og flytta kvar til sitt.

Men så synte det seg at denne Ole Petter ikkje hadde nokon heimel til garden han bytta bort. Og endskapen vart at Johannes Sverkmo vart jaga frå Tekksjøen to år etter han flytta dit. Kallen hadde nok «kjøpt» katta i sekken.

No er det ikkje godt å segje om dette var ein utpønska revestrek av denne Ole Petter, eller kva det var. Det kan godt vera at han Og handla i god tru. Det vart ikkje alltid teke så høgtideleg korkje med bykselbrev eller skjøte den tida, og i ålmenning kunne no kven som helst, etter gamal lov, take seg land og eige det, så det er mest truleg kallen meinte han åtte Tekksjøen.

Kan òg godt vera ingen av dem tenkte på noko slikt som heimel. Det dei som vaksne karar ordna seg i mellom, kom ikkje andre ved, meinte dei.

Tekksjøen

Men da var det Johannes sin tur til å syne tenner. Sette namnet sitt på eit papir! Neimen om han gjorde!

Teikning av Waldemar Schei.
www.historier.no har gjort alt som står i vår makt for å finne etterkommere etter Waldemar Schei eller andre som kan sitte på rettighetene til bildene som Waldemar Schei har tegnet. Vi har imidlertid ikke klart å finne frem til noen rettighetshavere. Hvis det er noen som kan kome med informasjon om hvem som kan sitte på slike rettigheter ber vi om at de tar kontakt med www.historier.no.

Men det kom andre ved.

Noja, ikkje så at dei korn med stauren og truga med å ville slå han i ihel fola han seg ikkje. Ho, nei da, dei var i mangt å likne mel folk såleis. Han kunne få bu der, det var ikkje det. Han kunne få du der, berre han sette namnet sitt på dette bykselbrevet og betalte 12 kroner året i avgift.

Det var vel ein attgangar av det gamle futvesenet som var ute og for.

Men da var det Johannes sin tur til å syne tenner. Sette namnet sitt på eit papir! Krote rare teikn på eit papir! Kva var det for slags fanteri og dævelskap! Ikkje hadde han tenkt å sette seg ned som nokon husmann i Tekksjøen, så mykje dei visste det.

Tolv kroner året! sa Johannes og snøste. Tolv kroner året! Trudde dei han var både dum og galen! Han var ingen av delane og visste dessutan kor han kom ifrå.

Så flytta han attende til Sverkmoen igjen og kom aldri til Tekksjøen meir.

Etterpå kom Vilhelm Ystmark frå Malm dit. Det var ikring 1885. Så bala han der og sleit nokre år og hadde det etter måten ikkje så verst. Men ein våren han skulle fram til Malm etter sekonn, gjekk han seg ned på isen i Holden og omkom.

Sidan har det ikkje budd folk i Tekksjøen.

Millom Tekksjøen og Sildra ligg Reinsjøhalla. Her budde det òg folk i gamal tid.

Den første oppsittaren her som folk veit å fortelle om, var Johannes Kilås frå Malm. Han kom dit frå Brekkmo i nerleiken av Folladalen, og var i Reinsjøhalla i mange år nokonlunde samtidig det var folk i Tekksjøen.

Det skulle vera ein alvorleg så sterk og dyktig kar, men noko flakkande og uroleg av seg. Han flytta frå Reinsjøhalla til Moen ved Selavatnet, der han var ei tid, og endeleg til ein av Kilåsplassane i Malm, der han vart verande til han døde.

Han let ei sterk og livskraftig slekt etter seg, millom anna den kjende ishavsskipperen Sivert Brekmo.

No ligg både Tekksjøen og Reinsjøhalla øde og er ei strofe berre i gamle stev.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *