Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

 

Teneste og tenarlønner

Det var vanleg at husfaren feste dreng, og husmora tinga tenestjente.

Ein tenar batt seg vanleg for eitt år.

Faste faredagar var 14. april og 14. oktober.

Det hende at noen kunne binde seg til teneste på det viset at dei fikk fri frå tenesta i 8 dagar i året. Det var elles ikkje faste fridagar utanom helgedagar da.

Frå Torpa er det kjent at to søster kunne dele ei teneste mellom seg og vere borte i 14 dagar kvar skiftevis.

Ein som hadde bundi seg til teneste, fikk støpengar av det nye husbondsfolket. Støpengane vart ikkje rekna med i lønna. Men slutta ein tenar hos husbondsfolket før den avtalte tida var omme, kunne husbonden ta att støpengane med å trekke dei frå i lønna som tenaren hadde tilgode. Det var sjeldan ein tenar slutta før avtaletida var ute. Det var bare i dei tilfelle det kunne kome sjukdom til i heimen til tenaren, eller dødsf all, og tenaren laut fare heim av den grann.

På dei største av gardane var den fremste av drengene kalla høsbønskar. Og der dei hadde omframt innejente, var ho kalla stugujinte.

Først på 1800-talet var årslønna til ein dreng 3-5 daler i pengar. I tillegg skulle han ha fulle klede, som det heitte. Det var rundtrøye og bukse av vadmål, 2 par sko, 2 par hoser, 2 par vottar og 2 skjorter, den eine av bomull, den andre av strie. Så skulle han ha 2 settungar frøpoteter og jord til å sette potetene i.

Drengene brukte å selle potetene og kjøpe julegaver som dei gav jentene.

Ved same tid var årslønna for ei jente 1-2 daler i pengar og fulle klede. Ho skulle da ha 1 kjole av ullverken, 2 par sko, 2 par hoser, og 2 serkar. Overdelen i serken skulle vere bomull, underdelen strie. Så skulle ho ha fritt fôr til eit saukrøtter. Det var kalla å ha fødsle med. Endeleg skulle jenta få ei halv mark lingarn. Det var heitande juletråd.

Jentene brukte på å farge garnet og binde dokker av det som dei gav gutane til julegave (N. Land).
I same bygda er det opplyst at årslønna til ein dreng i 1840-åra var 4 daler i pengar, 1 dress, 1 par sko, 1 par vottar, 1 par hoser og 1 par attpåbindingar.

I Søndre Land var årslønna til ei tenesjente oppgitt å vere 4 daler, 3 par sko, 1 verkenskjole, 15 alner lerret og 4 settungar frøpoteter og jord til å sette potetene i. I staden for frøpoteter kunne ho få linfrø og åkerland til å så frøet i.

Om dette var vanleg gjengs årslønn for ei tenestjente, er ikkje kjent og ikkje om dette var lønn som gjaldt i første halvparten av hundreåret eller åra føre det var skifte av pengar i 1875.

Ei underbudeie skulle ha 1 daler og fulle klede (S. Land).

Kring 1870 var årslønna for ei jente 1 spesiedaler i pengar, 12 alner vadmål, 1 kjole og 1 par sko (Fluberg).

Det synes å ha vori vanleg at ei tenestjente skulle få fødd eit sauekrøtter der ho var i teneste. På samme gardar kunne jentene ha innsett 2-3 sauer. Men jentene laut da sanke fôr til dei dyra dei sette inn utanom det dyret dei hadde rett til å få fødd. Dei som hadde fleire sauer fikk sanke fôr med å slå utkantar og sanke lauv. Men det var ikkje vanleg at dei som var borte i teneste gav seg til å skrape fôr slik.

Kring hundreårsskiftet tok det slutt med å ha fødsle med.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *