Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

Tenner og tannverk

Bildet er kun et illustrasjonsbilde…

Ungane nåtildags veit snautt kva tannverk er. Om der nå skulle kome eit lite hol i ei tann av og til, så blir det fiksa både fort — og mest smertefritt. Slik var det ikkje då vi var barn.

For det første, så var der bare tannlegar i byane. For det andre, så var det for gale å koste pengar på mjølketenner, som skulle fellast likevel. Og for det tredje, så gjorde det vondt. Vondt gjorde det også når det blei hol i både gamle og nye tenner, og dei tok til å verke etter eit godt måltid mat, gjerne med sirup på brødskiva.

Visst var der mange gode kjerringråd mot tannverk. Ei tobbaksskrå på verketanna var eit mykje brukt middel. Var det eit barn som skulle kurerast på denne måten, kan det nok vere at stova sveiv litt rundt etter ei stund. Det er også tenkelig at tannverken blei sentrifugert ut i periferien. Eit anna probat middel var varmt grautomslag utanpå kjaken. Det var ei inderlig god kjensle å få varmen frå grautposen å konsentrere seg om, — til verketanna atter kravde førsteplassen. Ein kunne og prøve å gje kjaken eit kraftig knyttneveslag, dersom ein var svært plaga. Nafta på ein bomullsdott var også eit middel å prøve. Var verken alt for vond og langdryg, var det ingen ting som hjelpte. Dagane kunne bli eit einaste langt mareritt.

Mjølketennene har nå bare ei avgrensa funksjonstid. Så skal dei ut. Då blei barna pålagt å rigle trufast på laustanna, og når ho var laus nok, så kom far eller mor med lintrådløkka, som dei tredde ned på rothalsen. Det var ufyse å kjenne kor tråden liksom beit seg inn i kjøtet under tanna. Og så det kraftige, forte rykket før tanna hang og dingla i trådløkka; Då var det over, det ein hadde grua for så lenge.

Den store skrekken for foreldra, var at barna skulle få «tvitann» (dobbeltann). Viss den lause tanna ikkje kom ut, men fastna til att, då kunne begge bli ståande. Den eine utanfor den andre.

Det var nok ikkje bare barna som plagast av tannverk, nei. Mange folk i 50-60 åra kunne vere omtrent tannlause. Særlig kjerringane passa seg då for å læ alt for mykje og alt for synlig.

Tannlause karar hadde ei stor plage med å halde pipa i munnen, når dei ikkje hjelpte til med neven.

Mange eldre folk hadde bare att ei eller to ”hoggtenner”, som hadde fått vekse utan mot-trykk. Dette var helst hjørnetenner. Når jekslene var vekkrotna og kjakane hole, kunne det sjå ganske nifst ut.

Ein mann fortalde at han i sine yngre dagar hadde vore så ille plaga av tannverk. Det reiv og sleit og murra både dag og natt, heilt til han fann ut at dette kunne han ikkje leve med. Han hadde smie, denne mannen. Ein dag fyra han opp i smia, glødde ein spiker i avlen, tok spikeren varsamt med smietonga og plasserte han midt i holtanna. Han fortalde etterpå at det kjendest som hovudet for tvers gjennom Smietaket. Men han var for alltid kvitt verken i den tanna.

Kanskje der er litt sant i det gamle ordtaket som seier at ”framkomstå æ på mange måda”. Her er sikkert ikkje så mange som ville ha tilbake den gamle «framkomstå», i alle fall når det gjeld tenner og tannstell.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *