Internt referansenummer: 14.03.2011 – Mail
Kilde:
”Gamalt og nytt frå Nissedal”
Nissedal Historielag

Tjønnefoss hausten 1951

Det var haust året 1951, tidleg i oktober. Eg var 12 år, og livet var godt i den vesle stasjonsgrenda Tjønnefoss. Alle bær, grønsaker og poteter var i hus, skulen godt i gang og toga i rute. Stasjonen og toga står sentralt i minnet til dei fleste som vaks opp saman med meg. Vi ungane møtte opp for ”å sjå på toget” så sant vi hadde høve til det. På stasjonen, knutepungtet i grenda, var det alltid stas å vere på plass når toget kom frå Arendal. Vi fekk med oss kven som skulle til Tveitsund, og om nokon kom heim etter ein bytur, – kan hende med ”bykake” i bagasjen. Det var som regel ei stor kringle i flat ask frå Jørgensens Bakeri. Det var stas å få slike kaker på den tida!

Toga frakta og postsekker og varekasser. Desse varene var gjerne til butikkane på Tjønnefoss og Høgefoss. Postopnaren i Haugsjåsund fekk sin stripete postsekk, medan stasjonsmesteren, som og var poststyrar, delte ut dagens post på Tjønnefoss. Og når vi ungane var på stasjonen likevel, var det sjølvsagt at vi tok heim posten. Agderposten og Tiden var avisene våre, og det var litt av kvart å lese der, men det var mykje artigare den dagen postopnaren i Haugsjåsund hadde ”bladdag”. Då fekk vi med oss ein bladrull med Norsk Ukeblad, Alle Kvinner og Illustrert. Storvegs for den leseglade.

Særleg på ettermiddagar og kveldar i sommerhalvåret var stasjonsområdet med  lasterampa samlingsplass for Tjønnefossungane. Då heldt vi på med å slå ball, slå på ring, jeppe pinne, kaste på stikka, 3. mann i vinden eller 50 på boksen. Vi fann alltid på noko, men måtte halde oss unna jernbanesporet, og elles lyde stasjonsmesteren. Det var viktig å halde seg inne med han! Skule, leik, springe rek, passe småsysken, eller hjelpe til heime elles, – slik var dei vanlege, gode kvardagane våre på Tjønnefoss i den tida.

Men brått skulle det trygge tilværet endre seg den hausten. Eg hugsar spesielt at bror min, Knut, som var 8 år, hadde hatt vondt i halsen og feber nokre dagar. Han kvikna til att, og var i vigør som vanleg, men så blei han slapp og febersjuk på nytt og måtte til sengs. Det likna på influensa, men var nok alvorlegare, for etterkvart klarte han ikkje å røre på beina. Dr. Danielsen kom ned frå Tveitsund, og etter undersøkinga meinte han at Knut nok hadde fått poliomyelitt. Ein forferdeleg sjukdom, det forsto vi! Polio, som vi oftast seier, er ein virussjukdom som kan angripe nerveceller i ryggmargen. Det kan føre til lamme eller svekka musklar i kroppen, og det var derfor uvisst korleis denne sjukdomen ville utvikle seg hjå Knut.

Eitt var sikkert, – denne sjukdomen var så smittsam at ingen av oss fekk lov å ha kontakt med andre folk. Det var bare legen som kunne kome inn til oss for å sjå til Knut. Medisin fanst det ikkje mot denne sjukdomen, – ein måtte bare vente og håpe på betring. Men bror min blei heller dårlegare etterkvart, så alle var redde for korleis dette kunne gå. Det einaste rådet legen hadde til mamma var dette: ”Gje guten svart, sterk kaffi!” – Ho kunne nok trenge litt kaffi sjølv og, for ho måtte vake over Knut natt og dag, fortvila og sliten.

Eg og syster mi, Inger, måtte hjelpe pappa med å passe Tellef Eilert. Toåringen ville helst til mamma og skjøna ikkje kvifor vi måtte halde han unna sjukeromet. Det var så vidt vi fekk kikke i dørsprekken inn til dei, for pappa og mamma var redde for at andre og skulle bli sjuke sjølvsagt. Dette var ein lumsk sjukdom som vi ikkje kjende så mykje til. Vi hadde vel høyrt uttrykket ”barnelammelse”, men kjende ingen som hadde det.

Bestefar, Tellef Juva, som budde i andre etasje hjå oss, var akkurat i desse dagane på sitt  tradisjonelle besøk på ¨Nordgaard-Tveit hjå syster si. Då han kom ned att, fekk han ikkje kome heim, og derfor budde han hjå onkel Gjermund inntil vidare. Der var dei friske. At vi var i starten på ein poliomyelittepedimi som og skulle råke den familien i tillegg til fleire andre på Tjønnefoss, – det kunne ingen vite då.

Det var trist stemning heime, og verre blei det då både Inger og eg fekk feber og vondt i halsen. Sidan vi i tillegg blei stive i nakken, meinte legen at det tyda på poliomyelitt. Vi måtte til sengs. Heldigvis så blei ikkje vi to så veldig dårlege, men det blei derimot vesle Tellef. Nå var alle fire ungane sjuke, foreldra redde og slitne – og med vonde halsar sjølve fekk vi seinare vite. Det var forferdelege dagar. Smittefaren var stor, og sidan vi var internerte i vår egen heim, var det utenkeleg å få hjelp av nokon. Men vi hadde ei uredd og sterk bestemor i Kilegrend. Inger Moen trassa smittefaren og stilte opp for å hjelpe oss. Med bestemor på plass følte vi oss litt tryggare.

Heldigvis så blei ikkje bestemor sjuk, men vi fekk vite at mange andre hadde blitt dårlege. Poliomyelittepedemien greip om seg både på Tjønnefoss og i Haugsjåsund, og som nemnt slo han og til hjå onkel og tante. Der blei årsgamle Tellef, hardast råka. Vi fekk vite at naboguten og bestekamerat med Knut, Kjell Reidar Drangstveit, hadde blitt sjuk samtidig med Knut. Sjukdomen tok han like hardt. Båe to blei lamma i beina og svekka i resten av kroppen, spesielt i lungemusklaturen. Dei fekk pustevanskar, og det var fare for livet deira.

Eg hugsar at alle heime var redde. Nå måtte Knut på sjukehuset. Legen sende han til Lasarettet i Skien, der dei tok inn smittefarlege pasientar. Kjell Reidar blei og lagt inn der, og båe gutane låg i jernlunge ei tid. Dette var den tidas respirator, kjempestore apparat som hjelpte dei å puste og på den måten berge livet. Heime venta vi spent på telefon frå mamma som var med Knut inn på sjukehuset. Korleis gjekk det med han? Kom han til å bli frisk att? Kom han heim snart? Spørsmåla var mange, og dei var vanskelege å svare på.

Seinare prata vi mykje om desse vanskelege dagane, og om kor letta vi blei då vi fekk vite at Knut var over den kritiske fasen. Men det trasige var at den før livlege og spreke guten, var lam i beina. Vi håpa då sjølvsagt at han kunne trene seg opp att og kome heim snart. Men det viktigaste var at han overlevde. Kjell Reidar hadde om lag same utviklinga av sjukdomen, og vi syntest det var ein merkeleg lagnad for dei to bestekameratane. Dei var saman støtt, og nå fylgde dei kvarandre i sjukdomen og!

Epedemien herja i bygda, og vi fekk vite at han hadde kravt liv. Tre vaksne var døde her nedanfor. Det var Agnes Dahl på Tjønnefoss og Karl Olaf Berge og Tellef Espestøyl i Haugsjåsund. Sistnemnde var syskenbarn til mamma. Andre kom gjennom sjukdomen med større eller mindre grad av funksjonshemming. Mange fleire var smitta og sjuke, men det gjekk lettare over når nervesystemet ikkje blei råka. Uansett førde polioen til sorg og frykt i mange heimar rundt i heile kommunen. Men mine minne frå denne fæle tida knyter seg naturleg nok til den næraste krinsen rundt familien.

Det å vere internert var ei merkeleg erfaring for oss ungane. Vi måtte halde oss heime så lenge vi var smitteberarar, og akkurat kor lenge det varde, hugsar eg ikkje. Men eg hugsar at då eg var frisk nok til å gå ut, fekk eg gå til butikken! Der måtte eg ikkje gå inn, men vi trong litt matvarer heime, og Haugen på butikken pakka det vi skulle ha og sette det ut ved sida av trappa. Der kunne eg hente det og så gå rett heim att. Likeins blei posten lagt ut til oss på stasjonen. Folk kunne ikkje treffast som vanleg, og skulen var stengd. Pappa kunne ikkje gå på arbeid, og bestemor fekk ikkje reise heim att før legen bestemte det.

Etter at sjølve sjukdomsperioden var over, var vi stive og støle i musklaturen i veker og månader. Vesle Tellef Eilert hadde muskelsvinn i den eine handa og var stiv som ein stokk i nakke og rygg lenge. Han og Inger var tydeleg meir plaga av etterverknadene enn eg var, men noko sprek var ikkje eg heller. Likevel var vi heldige samanlikna med bror vår. Han blei verande lam i beina og var på sjukehus og opptreningssenter i fleire år. Fyrst var det Lasarettet før han kom til Polioinstituttet i Skien. Det var ein moderne institusjon den tida, og der fekk han god fysikalsk behandling. Alle håpa at Knut skulle klare å gå att, men utsiktene til det var ikkje dei beste. Han trena i symjebasseng, han blei tøygd og bøygd, og han trene med krykker og tunge stålskinner på beina. Han gjekk til og med gjennom operasjonar der dei flytte på musklar for å styrke beina. Det var slitsamt for han, og det hjelpte lite. Han rørde seg lettare med rullestol!

Polioinstituttet blei som ein slags 2. heim for Knut. Han fekk god omsorg av dei tilsette, og han gjekk på skule der og fekk mange venner. Heim til oss kom han bare i feriane! Det var rart å ha ein liten bror som mest ikkje var heime. Eg hugsar den fyrste gongen han kom heim frå sjukehuset. Det var til jul i 1951. då kom den største sjukebilen vi ungane på Tjønnefoss hadde sett! Knut og Kjell Reidar kom på julebesøk frå Skien. Båe to sat i rullestol. Det var trist å sjå, men samtidig var det så godt å treffe dei att. Det blei ei spesiell julehelg for oss alle saman.

Poliomylittepedimien sette spor etter seg i grenda vår på mange vis. Eg hugsar ikkje nå kor lang tid det gjekk før skulen kom i gang att, men eg syntest det var veldig lenge før vi fekk lov til å treffe andre, til og med ute. Folk var utrygge på kor lenge smittefaren var til stades, og sjølv om vi var ”friskmelde” av legen, tok det lang tid før nokon torde kome i huset vårt. Men ungane på Tjønnefoss kunne i alle fall samlast på stasjonen att for ”å sjå på toget”.

Erna Valle (tidl. Nygård)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *