Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

To slag brurkroner

I gammal tid bruka dei brurakroner i gauldalsbygdene. Det var ikkje skikkeleg brudlaup om brura ikkje bar krone.

I Haltdalen blir det fortald at det var to slike kroner på Gaare. Den eine var ei sers forseggjort og tung sølvkrone, men den andre var av blikk.

Prestane var sers nøye på det i gammal tid. Var jenta med barn kunne ho ikkje få bruka sølvkrona. Da måtte ho ta til takke med blikk-krona og vera glad til.

Den fine sølvkrona var på Gaare til for 70 år sia. Da kom det ein kar frå eit firma i Trondheim. Han var interessert i alt slikt gammalt rask, og han fekk også sjå brurakrona. Men krona var ikkje til sals. Ho hørte slekta til og skulle følgja garden.

Dette fann mannen rimeleg og meinte at det var ein fin tanke, men han ville gjerne hjelpa dei med å få krona taksert. Det kunne vera godt å få vita kva ho var verd.

Mannen fekk krona med seg til Trondheim, og folket på Gaare venta å få krona attende saman med brev om verdien.

Krona vart borte ho saman med den rekande byfanten. Ho kom aldri attende til Gaare, men fjortan dagar etter at karen hadde fore, kom det sendande 40,— kr. Og attpå-att fekk dei:
Takk for handelen.

– ”Slik gjer dei mot bygdefolk som er vane med ærleg framferd,” sa han som fortalde om brurakronene på Gaare.

Skikken med dei to typar kroner er kjende også i Støren, Singsås og Horg.

Han som fortalde om brurakrona hadde også ei soge frå livet i dei dagar. Det hadde seg slik:

Her i bygda var det to slags brurakrone og to slags brurer. Sølvkrona var for jomfruer og blikk-krona for dei andre.
No er det fortald at langt atti tia var det to jenter her i bygda, den eine kan vi kalla Beret og den andre Marit.

Ho Marit vart nøydd te å gift seg. Det vart inga sølvkrone på ho, itt. Ho va da para sjø og det vistes på ho.

Ho Beret, den floksa, gifta seg ho og. Der kom sølvkrona på — som rimeleg va. Det vistes ittnå på di tøttun. A nei, va det lekt, det gror lite i ælmannvegja.

Ho Marit ho greit seg med en kar ho, resten tå livet. Eit løkke-leg par. Men det gjor itt ho Beret, og han Jo hengt opp seg borti stallskjæla ein svart haustkveld, — stakkars mann, sa forteljaren og smatta tankefullt på krokpipa.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *