Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

To slag ved

Før parafinlampene kom berga folk i Gauldal seg med talgljos og spikhatt (Trakt eller rør som fanga opp røyken frå spikhylla, den plata en brente spik på for belysning – redaktørens anmerkning). Det var også mange som ikkje unnte seg slik luksus, men heldt fast på skenet frå åreelden. Namnet åren heldt seg også etter at elden vart flytta frå den åpne åren midt på golvet til pejsen eller skorsteinen borte i ein kråa.

Dei som hadde rådd seg spikhatt måtte ha to slag ved i ved-skjulet. Til pejsen bruka dei både lauvved og barved. Men til spikhatten måtte dei ha «fetved». Denne veden var av fururot som dei grov opp i myrane. Samet slaget som dei brende tjuru av.

A gå lens for spik til spikhatten var stor skam for ein bonde. Det vitna om latskap og lite framsyn.

Bonden vakta derfor over spikhaugen sin, og nåde den kjetringa som stal spik til eldtennved. Det var verre enn å raska hestehøy til k alvane.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *