Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Tolleiv Reso

For ein 70 års tid sea var Reso ein gard i Nordbygden i Hemsedal, men so vart han lagd under garden Purkestad. Difor er det ikkje mange som kjenner til namnet Reso. Den siste mannen som budde på Reso heitte Tolleiv og han døydde som kårmann på Purkestad for umlag 50 år sea.

Tolleiv var ein gong på Reso-heimstølen ovanfor garden Venåsen, der låg han i stølsbui og spela på munnhorpe um kvelden. Og so visste han ikkje ordet av før det kom ei heil horg med haugafolk inn i bui til han og tok til å danse. Og so var det ei haugagjente som hadde so lang rove at ho slong både hit og dit då gjenta svinga seg og dansa.

«Nei, sjå den lange rova!» sa Tolleiv.
«Stikk ein syl gjenom døsi mi!», bad huldregjenta.

Tolleiv so gjorde og med det same datt rova av. Men Tolleiv vart ille ute for gjenta, han. Ho vilde inkje gå att då alle hine var farne sin veg. Han måtte lesa alt det han kunde for han vart kvitt henne.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *