Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

 

Tømmerhogst i Land

Fram til 1900 var det 80 øre tylfta for å hogge tømmer med stokk på 14 halvmeter.

Ein husmann som kjørte tømmer og brukte hesten til husbonden, fikk 1/3  av det han kjørte inn. Han hadde da maten i den tid han kjørte.

Det vanlege målet på lengda av tømmeret var 14 halvmeter.

Kring hundreårsskiftet var betalinga kr. 1.60 for tylfta for å hogge tømmer der stokken heldt 7 tommar i toppen.

Tømmer med 8 tommar toppmål var kalla bulting.

Var det mindre skog, kunne hogginga bli sett bort for 1 krone pr. busketylft (pr. tylft fellte tre) (N. Land).

I Fluberg var det betalt kr. 1.80 pr. tylft for hogging nede i liene og 2 kroner på Veståsen ved same tid.

I Søndre Land var betalinga 2 kroner for å hogge ei tylft tømmer med 9 tommar topp. Så var det ein nedgang i betalinga på 10 øre for kvar tomme toppmålet tok av. Slik var det ned til tømmer med toppmål på 7 tommar. Da var spranget i betaling heile 20 øre pr. tomme. Nedgangen i betaling for å hogge slikt tømmer, var kalla tjuvspranget.

Busker som ikkje heldt 10 halvmeter og topp på 6 tommar, vart ikkje hogd som tømmer.

For handlunning av tømmer var betalinge 20 øre for tylfta.

Betalinga for å hogge bort butting var 7 øre. Men somme av dei hardaste som hadde folk i arbeid i skogen, betalte bare 5 øre for kvar høgd butting.

Ein som var hard å hogge og som hadde grei skog, kunne kome opp i kr 3,50 på ein pen høstdag. På vinterhogging kunne ein vere nede i daglønn på kr 1,50.

For lausarbeidarar var timelønna 15 øre og fri kost.

Dei som låg i brøtninga, hadde jamn og god forteneste. Ein drivin brøtningskar hadde kr 3,25 for dag.

Dei av brøtingskarane som brukte tobakk, skulle ha eit kvart skråtobakk om dag, og når dei heldt til å arbeide der det var myrlendt og mye vassvading, vanka det noen drammar au åt brøtningskarane. I 1880-åra fikk ein husmann som var med å lunne tømmer 50 øre om dag.

På ein gard i Fluberg kravde husmennene på å få ein 50-øre til i dagpengar. Husbonden heldt på at 40 øre måtte vere nok. Men han la da på til 1 krone om dag.

Det var lite om arbeid ved dei tider, så dei som trong om å leige, kunne gi det dei ville.

Skog som skulle vere til ved, vart hoggen i 5 alner lengd. Vedkabben vart så sett i reis. Dei hogde av leggen på ei halvvorin klein gran og hadde det til reisstubbe, og så reiste dei veden oppetter denne granleggen.

Det var 10 øre alna for å hogge reisved, og dei som var styggeleg harde å drive, kunne klare 30 alner på dagen.

Namnet på 5 alner kabbar var langved.

Der det høvde slik ein kunne få fløyte veden ned, drog dei kabbane fram til elva eller bekken. Der vart så langveden hogd i 2 lengder, så det skulle bli bedre å få den fløytt. Dei som drog ved til elva og kappa, fikk vanleg kr 1,60 eller noe meir for dag på eigen kost.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *