Internt referansenummer: 24.01.09 – A

Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ MODUM
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 97
Av: Jakob Andreas Samuelsen
Tilrettelagt av Kai Hunstadbråten
Universitetsforlaget
Oslo 1966
Klikk her for å lese «Forordet i boken»
Klikk her for å lese kortfattet biografi om Jakob Andreas Samuelsen

 

Tresking

Skrøftekrakk var alminnelig te skrøfting av rug. Dom snakka om «å skrøfte inn rugen». Dom skrøfta ‘n med det samma dom tok ‘n inn frå åker’n. Låg ‘n over, om det berre var ein dag, vart ‘n my seigere. Etter skrøftinga slo dom på binnilane med ein kjepp, eller treska litt over dom med sliren.

Sliren hadde slagvøl og handvøl (helst av gran). Slagvølen var helst åttekanta og tjukkest no innpå. Den var laga av bjørk. Kjeppane hadde huer i den eine einen og vart bøndi ihopes med ‘i reim som fysst vart sydd isammen te ein ring, så vridd sammen som i’ åttetal, etterpå smetta inn på kjeppane, og så stramma med ‘i reim over midten.

Bygg og havre la dom i ring rundt på låvegølvet med aksa inn i ringen når dom skulle treske. Banda i ringen kalte dom i’ lag (børju). Etter at dom hadde sli over toppane, så skar dom over binnilane, og med dom treska over andre gongen, reka eller snudde dom banda etter hvert med slagvalen. Når dom sliretreska rugen, tok dom binnilen av radt og hevde ‘n på midten av bandet. Var det to som treska, apa den eine, og den andre gikk etter. Når dom treska over andre gongen, gjorde dom si ferdig med ett og ett band, og så reka dom det unna. Da vart det tynna ut, så det vart bere rom.

Etter treskinga vart rugen helst handrista, og hælmen vart bøndi i digre rugmælmhuer. Annen hælm vart rista med høygaffel. Dråsan var kønnet og hælmstubben som låg att på gølvet når hælmen var hatt unna. Bygget vart tint, dvs, dom treska dråsan med sliren før å få av agnene. Så vart dråsan raka med rive, og det rusket som ‘n da raka av, hette høla. Sea vart dråsan sella i hølsålet, der kønnet gikk imøllom, og hælmstubben vart liggandes att.

Etterpå kasta dom kønnet med skovl, og så brukte dom mellesål. Det var laga på, samma måten som hølsålet, men var så tett atte kønnet vart att i sålet, og ugrasfrø gikk imøllom. Med dom brukte mellesålet, flødde eller fløyta dom av det lette kønnet som helst låg ovapå i sålet.

Te skrøfting av rug hadde dom tre runde kavler litt frå inann, festa vassrett over den eine roa på låven. Skulle dom ha rom før to te å skrøfte på samma tida, måtte dissa kavlane væra no lenger enn om dom regna med rom før berre ein mann. Somme brukte ‘i trehærv au te skrøftinga.

Vi har prøvd å komme i kontakt med etterkommere etter Jakob Andreas Samuelsen uten hell. Hvis noen som leser dette kan komme med opplysninger slik at vi kommer i kontakt med etterkommere setter vi stor pris på om dere tar kontakt med ww.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *