Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Trolldom

Ingerid Eiriksdotter Kaaljørju

I 1661 vart Ingerid Kaaljørju brend paa Klostergjorde ved Skien. Um henne liver enno segnir, og ho skal ha vori den mest avskræmelege trollkjerringi, som hev livt i Telemark.

Ingerid hadde ikkje fast bustad, men var ei «lauparfente», som rok rundt i Telebygdine, og var reint eit illvette, som folk ilkast med aa sjaa.

Seint ein kveld kom Ingerid og mannen hennar til Lonar i Sauland og bad um hus notti yvi. Lonarmannen torde ikkje segja nei, og let dei faa husvern. Men daa det leid lenger ut paa kvelden, so tok dei paa aa trette so andorskeleg Ingerid og mannen hennar, at folki paa garden vart reint skræmde. Daa segjer gamle Olav Lonar, at anten so skulde dei slutte med trettingi, eller so fekk dei gange paa dynni att. Daa tagna Ingerid og lest blikke seg att.

So spurde ho mannen sin, kva slags mat han ynskte seg. «Eg vil ha fersk fisk,» segjer han.

Det var vetters tidir, og difor tottest sovorin mat vera raadlaus aa skaffe der i grendi. Men Ingerid snugga paa dynni, og um eit lite bil kjem ho att med eit stort fiskekræe av feit fin fisk, og so ferskjen at det draup av ‘n. Daa segjer han Olav Lonar:

«Eg synes dæ æ rart, Ingeri, at du ska væra saa fattig, som har makt te aa gjæra slike ting, aa kan faa dæ du ønskjer deg!»

«Jau,» segjer Ingerid; «me var tri som vigde oss te develen paa ei gong; dei andre tvo var Øli Uvaas i Hjartdal og Ragnhild Blika i Svartdal. So skulde me draga straa um, kven av oss skulde vera fatige, og luten kom paa meg. Difor gjeng eg som ein tiggjar, og dei hine tvo sit paa gilde gardar og hev store rikdomar.»

*     *     *

Gunleik Bakken i Svartdal var ein fæl kjempekar, gruveleg stor og sterk, og vond og tverr imot alle. Alltid naar det var brudlaup einkvar stad i grendi, so laut Gunleik verta bodin, ellest kom han ubedin til lage, og var vond og vill og truga folk paa live. Naar so brurferdi reiste til kyrkja, so reid han alltid i fyreenden.

Ingerid og Gunleik var stødt i uvenskap, for Gunleik vilde aldri lata henne anten hus eller mat.

Ein dag kjem Ingerid inn paa Aase i Flatdal; der fær ho høyre, at denna dagen er ei brurferd ventande ovanfraa Svartdal. Daa bad ho kona etter ei braudlefse; men fekk ingjo og skunda seg utatt. Burte i vegen, der ho visste brurferdi vilde koma, rita ho ein strik tvers yvi vegen, og so mulla ho og las noko som ingin skyna. Den som fysst stiga yvi sovorne trollstrik var dauden i vald, og stupa med det same.

Detta hadde ho etla Gunleik Bakken, for ho visste, at han som vanleg reid fyre ferdi. Men no raaka det so, at kona paa Aase trega paa det, at ho ikkje let Ingerid faa det ho bad um, og so let ho dotter si, ei liti tiaars gamall gjente, springe etter henne burtpaa vegen med ei braudlefse. Veslegjenta, som sjavsagt inkje illt ottast, rende beint paa trollstrike og stupa død paa flekken. Daa Ingerid gaadde aat detta vart ho ille ved, ynka og jamra seg fælt, og fortalde kven det var etla; men ho hadde ikkje noko magt til aa gjera det umatt.

Straks etter kom brureferdi, og som vanleg var Gunleik i fyreenden. Daa han fekk høyre, koss det hadde bori til med veslegjenta, og at Ingerid hadde etla honom denna dauden, vart han som ventande rivande sinna og banna paa at han skulde slaa henne spent ihel fysst han raaka ho.

Ei noko lang tid etter kjem Ingerid til Bakken og gjev seg i prat med Gunleik, plent som ingenting var hendt. Gunleik stod nett og flaadde paa ein hest, som hadde dauda.

«Her æ fart i skjyi idag,» segjer Gunleik.

Ingerid gloser upp yvi seg, og i same rappe triv han den eine hesteleggen med hoven og hestskoen paa, og golvar til Ingerid alt han orkar midt i andlite. Eit slikt gruveleg slag skulde ein venta hadde knust ein bjønnehaus, men Ingerid stod like rak, som inkje var, berre litt blod tippa utor nasane. Ho heldt hendane under og let det drupe nedi dei. Men Gunleik treiv armane hennar og heldt dei ut, so blode fekk drjupe paa jordi; daa hadde ho ikkje magt til å gjera trollskap med det.

Endaa ei gong kom Ingerid til Bakken. Det var seint ein kveld, og ho bad um hus til notti. Men som vanleg vart ho jaga ut att samstundes. I dynni vende ho seg og sa, at «den raude hanen» straks skulde gala i garden.

Ikkje lengi etter brann alle husi paa Bakken. Det er fortalt, at tjøro rann i bekkir fraa branntuftine og radt ned i djupaste dalen, for alle husi var uppsette av ovstort feitt furu-timmer. I mange mannsaldrar etter var det synleg der tjøro hadde runni.

Etter detta tapa Gunleik mode og vilde ikkje ertast med Ingerid  meir. Heller ikkje vilde han bu nede i dalen lenger Dg sitja midt i allfarvegen for alle trollpakk. No flutte han paa baksida av dalen og hyste for seg øvst uppaa fjølle; der vilde han liva «under grøn topp», sa han, og bygde difor husi sine av grann og grøn furutopp, som ikkje fanst tyri eller malme i. Tuftine skal enno vera synlege der.

*     *     *

Ingerid hadde ei sjukdotter som tende hjaa Hjartdalspresten (herr Povel?). Ho var ung, berre eit baan aa kalle; men var væl inne i trollkunstine, som ho hadde lært av sjukmori si.

Ein dag hadde dei det so anvint i prestegardskjøkene, og so bad dei denna gjentungen skunde seg burti vedskjole etter eit flistrog og kveikje varme under grytune i peisen. Snøgg som ein vind fór gjentungen til skjole og kom att med eit trog fullt av flisar, sette det paa aaregrima og mulla nokre ord —husk! so fór kvar flisi som ho var blaasi utor troge og burt under gryta og fræste og brann so det dura. Dei andre tenestgjentune som saag detta, vart reint fælne og fortalde det til presten.

No kom presten sjav og yvihøyrde gjentungen, som fortalde ho hadde lært sovorne trollkunstir av Ingerid, sjukmor si. Presten hadde hug til aa røyne henne, kor langt ho hadde komi i svartekonsti, og so spurde han, um ho kunde mjølke ei av kyrne hans utan aa vera nære dei. Jau, meinte gjentungen, og so reiste ho og presten tvo eine burt i vedskjole. Presten nemnde ei av kyrne sine paa namn, og bad gjentungen mjølke. Daa tok ho tvo knivar og sette inn i veggen, og so byrja ho til mjølke og tøygje paa knivskafti, og det varde ikkje lenge, fyrr mjølki sjugi og susa utor skafti for kvart take. Um eit bil segjer gjenta:

«Ja, no kjem det blod, og daa maa eg ikkje mjølke meir, elles so daudar kyri!»

«Berre mjølke, du!» sa presten.

Gjenta so gjorde, og blode sjuga utor knivskafti. Sistpaa segjer gjenta:

«No er kyri longe sea daud!»

Daa sa presten, at det kunde vera nok.

«Kan du mjølke kyri til husmannen min au, daa?» segjer presten.

«Jau,» svara gjenta, og det gjekk daa liksom førr, tilsist korn det berre blod, og gjentungen mjølka endaa eit bil; so sa ho, at den kyri au laag daud.

Daa gjekk presten ned i fjose, og kyri som han hadde nemnt laag daud i baasen. Seinare utpaa dagen kjem husmannen au og klagar seg ille, for kyri hans hadde dauda so braatt. Presten bad honom gange ned i fjose og taka ei av kyrne til presten i staden.

No tok presten seg av gjentungen og fekk løyse hennar fraa trolldomspakti og leide henne innpaa betre fyreset.

«Du er so ung enno, at eg kann hjelpe deg; men sjukmor di finnst det ikkje berging for,» sa presten.

Med presten fortalde ho: «Daa eg og mor sat paa høge fjøll, kunde me ynskje oss varme ferske brød fraa Danemark, og so hadde me dei med same.»

*     *     *

Ingerid kom ein kveld til Per Finnøy og bad um hus; men Per nekta ho det. I det same kom kona til Per or stabbure med ein mjølkopp i haandi. Daa trolla ho henne, so ho sprang beint paa vatne og drukna førr nokon fekk koma og hjelpe henne.
No vart Ingerid klaga for retten. Per stemde henne til tings, men visste fyreaat, at det var liti von um aa faa dam paa den megga. Difor reiste han til sjukdotter hennar og spurde, korleis han skulde bera seg aat for aa vinne saki.

Dagen daa tinge skulde haldast og saki paadømast, var Per tidleg ute, og yvi dynni inne i tingstogo hadde han bora eit hol i himlingi, so han kunde liggje der uppe usett og sjaa beint ned paa folki naar dei steig inn. Gjenta som tende hjaa presten hadde sagt honom, at dersom han fysst fekk festa augo paa Ingerid, naar ho steig inn i tingstogo, so vilde han vinne saki; men var ho den fysste som feste augo paa honom, so gjekk ho fri.

Per hadde ikkje lengi legi uppaa himlingi og kikka ned, førr Ingerid kom sveisande inn dynni; men i det same sette ho i eit stygt skrik og hoppa høgt. Per hadde festa augo paa henne fysst; detta kjende ho paa seg og visste væl, at no var all von ute.

Per kom ned, og retten vart sett. Ingerid var mjuk no og tagg og bad um forlik, men Per gav ikkje etter. Sistpaa lova ho, at fekk ho sleppe fri, so skulde ho skaffe Per att kona, og han skulde faa hava henne med seg, til han døydde sjav.

«Nei,» segjer Per; «ikkje vilde eg kona mi skulde lide dauden tvo gongur, um so er, at du hadde magt til slikt. Men helst var det vel develen sjav du skaffa meg i skapning som kona mi.»

Enden vart, at Ingerid vart dømd aa vera «troldkvinde», og skulde brennast paa baal. Domen vart avsagd i Skien, og der sat daa Ingerid i fengsel eit bil til domen vart fullførd. Ute paa Klostergjorde vart baale tillaga, og attaat dei høgste domarane og lagretsmennane hadde det samla seg eit usturteleg mengd med folk, som vilde sjaa paa. Ingerid vart daa ført fram. Ho var bundi for augo, og hadde band paa føtar og hendar; men endaa var det knipe tak at dei vann lyfte henne uppaa baale. Men varmen beit ikkje det grande paa henne, han berre slo ut til sidune og kom ikkje nær henne. Domarane visste ikkje si arme raad; tri gongur vart ho teki ned av baale og ettersett fraa ende til annan, um dei kunde finne noko trollskap ho hadde i kroppen sin, som fridde henne fraa varme.

Dei spurde sjukdotter hennar, kvifor ho ikkje brann.

«For varme døyr ho ikkje, men for krut,» sa gjenta.

Men endeleg trea gongi fann dei ei naal, som ho hadde stokki i kav i tykke holde nedi enden av ryggen, og so lengi ho hadde jønn eller staal paa seg, so beit ikkje varmen paa henne. Dei drog naali ut, og daa bad ho, um dei vilde lette lite grande paa binde for augo, so ho fekk sjaa innyvi byen. Dei var alt paa aa vilde gjera det, men so var det ein, som aatvara dei fraa slikt, og so torde dei ikkje. Daa bad ho um lov til aa sjaa uppyvi skogen og fjølli burtanfyre Porsgrunnaai. Jau, detta tottest alle, at ikkje kunde vera nokon faare og so drog dei binde litt til sides for eine augae; men ikkje førr fekk augae hennar sjaa burt yvi, førr det flaug skogvarme og fræste og brann i raatoll-toppane, so vidt som augae hennar hadde naatt. No vart ho atter blinda og lagt paa baale, og domen vart daa endeleg fullenda.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *