Internt referansenummer: 15.04.2009 – A
Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tufsane hogg ved

Ein kall frå Lensvik’n, Jakob Ysland, dreiv ein gong og kjørte tømmer oppi åsen mellom Øianga og Snillfjorda. Han for i grålysinga for å nytte skareføret. Da fekk han sjå to små kallar som hogg på ei kraggfuru oppå høgste åsen. Dei hogg så flisene fauk. Han jaga på hesten, for han trudde det var vedtjuvar. Han var snart oppe, men da var kallane borte. Det fanst ikkje merke etter øks i furua, ikkje var det «skårråmat» nedpå snøen heller.
(Skårråmat — fliser som ein høgg laus).

 


Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *