Kilde
SOGUR II
GAMALT OR SÆTESDAL VII
Av JOHANNES SKAR
KRISTIANIA
OLAF NORLIS FORLSG
1915

Tùme.


Der var eigong ei Kone som inkje hadde Born. Og ho ynskte so saart at ho maatte faa eit Barn; ho skulde vera glad um det var inkje større enn ein Tùme, sa ho. Daa det leid av ein Tur, fekk ho Barn. Og det var inkje større enn ein Tùme; so kalla ho han Tùme.

Men eigong han gav Hesten, aat Hesten han upp i Høysgjevi. Daa han kom so inkje inn-att, la ho hit i Stallen og ropa paa han: „Tùme, Son min, kor er du!" sa ho.


„Titter tei,
titter tei,
eg sit i den innste Tarm
som Hesten eig!“


sa Tùme.

So dreiv ho Hesten upp ei bratt Kleiv til han dreit, og daa var Tùme i Lorten.


Men han kom burt att. Han var til drusla. noko Høy utyver til Gjeitane. Daa korn Skrubben i Gjeiteflokkjen. Tùme vart so rædd og gøynde seg i Øyra paa den store Bukkjen; men Skrubben beit Øyra av og skrilta til upp-igjenom Liane. Daa la Mori etter og elta han; ho dreiv han so Drit-bogjen sto. Og daa var Tùme i Skvena.


Sidan torde ho aldri sleppa han ut meir; ho hugga han inne so godt ho kunde. Eigong ho skulde aat Fjoset, reidde ho til han, so han skulde hava noko aa eta paa med' ho studra. Men han var inkje stor til, veit du; han rakk inkje upp i Gryta. So sette ho han paa Gryte-barden; men han rakk inkje meir daa. So sette ho han paa Graute-skorpa — han paa eine Ledi av Smørkjelda og Mjòlktrogjet paa hi. Men daa ho kom inn-att, hadde han stuppa ut-i og drukknast i Kjelda. Ho var til baka daa: so grov ho han i Saa'e-haugjen og var so ille fari:


„De kviknar Maura
aa Makka um Vaaro;
men  Tùme , Son min, vi i
nkji vakne o' Saa'o,"


sa ho og gret.


Tùme: en Tomme
Tur: Tid.
Høys-gjev: Portion Hø.
drusla: drysse saa smaat.
skrilta: træde let, liste sig frem.
elta: jage, forfølge.
Skvene: Sprøit, Straale af flydende Stof.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *