Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

Tunbrott

Det var han bestefar som rødde seg inn i Fjerdingslien (N. Land). Han hadde tatt til å rø nedpå Moen. Ein annan skulle rø i Fjerdingslien. Men så fann dei på å byte.

Da han bestefar tok til der, stod det diger skog. Den første stua stod noe lenger nede enn den som står der nå. Så brann stua ned, og han flytte tunet oppover.

Heile myra arbeidde han opp. Det var velstand i Fjerdingslien da. På stabburet stod det tre fulle bøler med korn og enda ein butt frampå bursgolvet.

Han bestefar var svært nøye med all ting, og han kunne bli bra vill når noe bar imot. Da var dei redde han.

Ein gong tok ho bestemor korn og fikk til kvenns. Ho tok litt i kvart rom i bølene så han bestefar ikkje skulle merke det.

Han hadde mye pengar. Pengeboka hadde han gravi ned i kornet, og da ho bestemor var og fyllte i korn, hadde pengeboka komi med i sekken. Der fann dei boka da dei kom til kvenns. Ein halvvokstring som var med, vart skikka tilbake med pengeboka og var pålagd å få henne tilbake i kornbøla før han bestefar merka noe. Det lykkas, og da var dei sæle, hadde ho bestemor sagt.

Da han bestefar låg på det siste, hadde han tala på det han ønskte dei skulle bere senga nedpå myra han hadde lagt opp.

Ho bestemor reiste til Amerika etter ho var blitt gammal. Dei hadde ein son som var med i borgarkrigen der borte. Han fall gjerne i krigen, for ho fikk pensjon etter han. Ei tid fikk ho pengane sendt. Det var 40 dollar i året, om eg ikkje mishugsar. Men så kom det til ein ny lov borte der. Etter den laut ein bu i Statane om ein skulle få pensjon. Da var det ho bestemor fann på ho ville reise over.

Ho Gunda søster var med henne. Ho var bare 14 år den gongen og enda ikkje konfirmert.

Eg minnes så vel da dei gjorde seg i stand. Ho mor låg i barn-seng. Gunda søster sat ved sengeenden og gret. Ho syntes det var vondt reise, veit du. Da kom ho bestemor inn frå kammerset med ei korg på armen og fikk sjå ho Gunda sitte der og gråte. «Hå er de denna tøsa sit å beljer før da,» sa ho bestemor.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *