Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussbit i handa under mjolking.

Ei jente sat og mjølka ein sein haustkveld, Det var kaldskumt ute, og mørkare var det i fjøset. Som ho sat der og hørte kor mjølka skumma i bøtta, måtte ho flytte på eine foten. Med det same var det som ein katt illfræste i båsen. Jenta kjende noko levande under foten. Kua skvatt opp og sparka ned bøtta, og jenta kjende så ill ein svie i eine handflata. Ho kom seg opp fortare enn fort. Da ho kom inn viste det blåe merke i handa hennar etter ein sterk tanngard. Det var storleik på tannmerka som ein vaksen mann hadde biti. I somme bit spratt blodet fram. Jenta fortalde straks kva som var gått for seg, men seinare kunne ho ikkje tala meir. Smått i senn vart også hørsla borte. Ho vart kalla «dømma» seinare i livet.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *