Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussen fletta hesten juledagen.

Det har von utgammal tradisjon å kjøra til kjørkja i jula. Sjølvfolka
på garden skulle i veg 1. dagen og 2. dagen var det tenarar og ungdom
som skulle i veg.

Sjølvfolka var nett attkomne frå kjørkja, og mannen ba ein av gutane gå
ut og gje hesten ein vass-skvett, men han måtte ikkje gje så mykje —
for hesten var sveitt og varm etter turen.

Ja, guten gjekk ut i stallen og tok vatn i bøtta frå vasstynna. Han var
komen opp på krybbekanten med bøtta og skulle til å tømma ho i brya. Da
fekk han sjå ein liten, blå
kledd kall som sto ved sia av hesten og drog i hestekledet med eine
handa og grov i fakset med den andre. Guten slapp bøtta og sprang inn
att. Vass-spruten sto ikring føtene hans med det same.

Faren gjekk ned i stallen. Han fann bøtta på golvet. Elles var alt som
vanleg, men dagen etter da dei unge skulle til kjørkja, hadde hesten
fått to store tussfletter i fakset. Fakset var så samanfløkt at det var
som ein einaste tovkrull. Hesten hadde aldri hatt tussfletter før. Noen
vekor seinare var fakset oppgreidd og fint att.

Ville ein hindra tussane i å fletta hesten, måtte ein snerta borti fakset med tollekniven. Dei skydde stålet.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *