Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussen sa kor mange klokka var.

Det er no om lag 70 år sia dette hende. To smågutar i 10-11 års alderen
låg i same romet som farmor. Det var måneljos natt og ikkje ei sky på
himmelen. Katten hadde legi roleg i senga hjå gutane, men så hoppa han
fram på golvet og der sette han seg til å vaska seg i månestripa. Han
sleikte og sleikte på labben og strauk seg bak øyra slik katter har for
vis. Ville nok gjera seg retteleg fin.

Farmor vakna og merka at gutane var vakne. Ho bad den yngste gå inn i
storstova og sjå etter kor mange klokka var. Guten tassa i veg på nakne
føter og let opp døra inn til stova der den gamle veggklokka tikka og
tikka.

Månestripa låg som ei brei elv av ljos frå glanet og fram til peisen.
Midt i ljoskrinsen sat ein liten kali og dingla med føtene på årehella.
Med det same guten vart var kallen, hørte han eit grannt mål seia:

«Ho æ snart to, klokka.»

Det var han på årehella som hadde sagt det, og like etter slo klokka to rungande slag.

Guten slo att døra så det song i huset og kom seg fort i senga til
broren. Han sa ingen ting før han var vel under fellen. Da fortalde han
kva han hadde sett og hørt. Farmor tenkte seg om lite grann — så sa ho:

– Å ja, det æ ittnå å bry seg om. Han var no her føre oss, og da så…,»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *