Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tussesjalet på Gjersøyen

Før i tida låg Gjersøyen på Røyservangen med krøttera om sommaren, og budeia der brukte å ha med seg ein stor buhund, som følgde med krøttera i skogen.
Ein efta kom Benna hunden ned på garden og bar seg så rart åt. Han strauk inn i kammerset der kara satt, og fôr hit og dit og kvein og holdt slik leik. Somme tider såg ‘n opp på veggen der geværa hang au, akkurat som ‘n skulle vilja noe.

Kara tykte detta var rart, kan du veta; men da hunden ikke gav seg, greip de til sist børsa og følgde etter’n, og det bar til seters. Komne opp til Røyervangen, merkte de snart at det var noe på ferde. Frå støreset høyrde de ståk og leik, det var nok riktig folkalt der. Kara skjønte snart hå slags gjester det måtte væra. Dermed la de til og skaut over taket. Da vart det med ein gong rolig og stille inne; men de høyrde noe som sutra og gret ein staden.

Så drog kara inn, men da var det tomt i støreset. De fann berre budeia åleine. Ho satt der så rar og fortumla; men over akslene hadde a eit gresseleg gildt og fint sjal som ingen hadde sett makan til noen tid.

Den gongen var det nok nære på at budeia skulle ha vorti gift med ein tuss. Og hadde det ikke vori for buhunden så — Men sjalet hang på Gjersøyen i mange år, og det kan godt hende det er til enda.

(Petra Gjersøyen. Spikset)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *