Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tussespell franved Otterbekken…

Ein mann var i veg og skulle fiske. Da fekk han høyre slik fin gild musikk framved Otterbekken. Varsamt ‘stiltra han seg nærere, om han skulle få auge på den som spelte. Og det lykkes. Det var ein tuss som satt bortmed der og strauk på ei fele. Mannen tykte han aldri hadde høyrt så vakker ein musikk, og det kom som dettende tur’n:

«Ånd lær meg å spelle slik!»

«Ja,» sa tussen, «kom berre hit att med ein grår sau, så skær je nuk lære deg kunsta.»

Men om nå mannen gjorde det, veit jeg ikke.

(Edv. Torsrud)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *