Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tusskjerringa som vart til bikkje.

Mannen som fortalde dette ville vori over 90 om han hadde levt i dag,
og hendinga gjekk for seg rundt 1890. Det var lite snø og holkeføre.
Han hadde vori til handelsmannen og fått eit heller tungvori lass på
kjelken. Det var fin overfart over elva-isen.

På andre sia av elva er det noen bratte kneikar der den gamle
vintervegen gjekk. Ungguten sleit hardt med den tunge kjelken på det
glatte føret. Han gjekk med bøygd nakke og hadde augo i vegen så han
kunne sjå kvar han best skulle setja føtene. Eit stykke oppe i bratta
ville han ta seg ein pust. Da hørte han noko pusla framfor seg i vegen.
Det måtte vera nokon som kom nedover, men det han fekk sjå var ikkje
folk. Det var tussar av aller ektaste slaget. Kall og kjerring dreiv og
bala med ein stor, tung kjelke oppetter bratta, og det var ikkje lite
det lasset dei hadde lagt på.

Han vart ståande å sjå på dei til dei var komne på toppen av bakken.
Der sette dei seg begge to på kjelken og kvilde. Han venta dei skulle
dra vidare, men det vara og rakk. Til slutt måtte han sjøl halda fram.
Det vart for lenge å venta.

Nedafor der tussane sat, deler vegen seg i to. Mannen tok vegen til
høgre enda han var ein god mon tyngre. Han hadde ikkje hug til å gå
rett framom det underlege paret som sat der. Dei sat berre og stirde
tomt inn i jordmælen, og det såg ikkje ut til at dei merka at nokon var
i nærleiken.

Da han vel var komen framom tussane, såg han seg attende. Da var det
berre kallen som sat på kjelken og tvinna bartane sine med eine handa,
med den andre strauk han seg over skjegget. I staden for kjerringa sat
det ein stor, brun hund på kjelken og veifta med ei busket rompe.

– Huff, no får eg vel følgje, tenkte mannen, og for leven her skal
bli…Men bikkja kom ikkje etter. Ho sat berre og stirde inn i
jordmælen slik kjerringa hadde gjort.

’Korkje tusskallen eller bikkja rørte på seg så lenge mannen såg dei. Dei kom i alle fall ikkje etter opp bakkane.

«- Døm vart vel helst rådd på å sjå nedunde bakken att», slutta forteljaren.

Like bortafor staden der mannen såg tussparet er det ei gammal høyløe
som har vori tilhald for tussar. Det er to som har skadd seg i
nærleiken av løa, og tussane har fått skulda for å ha ein finger med i
spelet.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *