Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tussungen

Ei kjerring hadde ein liten unge; men ho tykte ikke at alt var som det skulle med’n. Somme tider hadde ho det på det at detta bånet ikke var hennes; det var som ho ikke kjentes til det.

Så ein dag tok a på seg og gikk til ei kjerring borti bygda, som ho visste kunne gjæra åt og hadde råd for noe ta hårta. Henne sa ho alt og spurde hå ho skulle finne på.

«Ja, ungen gagn-nytter deg ikke,» sa signekjerringa ; «men du skær ta og bæra han tre torsdagskvelder etter einann, og den trea gongen skær du stane ved det nordaustre laftet. Da skær ho som har tii barnet ditt komma att med det.»

Mora takka for hjelpa, og sia gjorde ho som det var sagt I tre torsdagskvelder på rad bar ho barnet rundt huset, og siste kvelden stante ho ved det nordaustre laftet. Da kom tusse-kjerringa med eit lite barn og slengte det frå seg på bakken. «Her har du att det,» sa ho. Men je har itte gjort med ditt som du med mitt.»

Men kjerringa fekk nok ikke stor gleda ta barnet sitt; for det døydde om ikke så lenge.

(Petra Gjersøyen)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *