Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968
Utgitt første gang i 1868

Um jutlar å bergatroll

Tenestguten åt jutulle

I fyriti'enn råkte de aigong, at ain skira gut sette se årstenest hjå ain jutull.

De fyste orkefare dai då toko te å åbue på, va at dai gingo te skogs på timbrehøgst. Me desse starve vilde jutullen dai skulde gå solaise i lag, at han sjøl traiv trjøne i toppen å langbuga dai te jordars, å guten skulde då vera illsnarp te gleksehøgge tre'e åv ne ve jorde.

Dette gikk tviradt fyr se når tre'e sto i ain bug, då brast de snøggt åv. På denne hatten gikk arbaie radt, å dai øldruge fortelja, at dai føngo fellt å uppraidt ve tvenne tju'e tylvtidn fyste dagen.

Are dagen vilde husbonden skifte arbai me gute, so at denne skulde svaigje trjøne me øvre enda te markenn, som sjølven hadde gjort fyste dagen, å han vilde då snerte dai åv ve rote.

Guten, som va liten å vaik, fælte tå desse grepe å va rædd, han orka 'ki svaigje trjøne ne'åt jutulle. Men denne va likevæl so vælmaint, at han vilde hjølpe hono te å svaigje ne de fyste tre'e, som då skulde kabbast.

Då jutullen hadde boygt tre'e ne'åt, skraik han, at guten måtte vera handfast å inki sleppe taki sino, so tre'e rettna upp atte fyr hono.

No sleppte jutullen sino tak, å derme spratt tre'e på ståhaite flekki baint uppatte me toppe å tversløngde våeguten høgt i lause veråtta, so at han kvingla i tudn over furutoppadn.

Då tok jutullen te å gaule å ba te hono ovmaktige kryppjans um hjølp, å derette tversløngde han flykte si ut i vere elle gute. So illsnøggt gikk de, at han nådde atti den aine skønki på hono me lokunn sina fyrr, at han jordast. Tå desse versløngi fekk han inki minnste me' ell main, men kom haim hail både på bunu å bain.

Jutullen ga hono då haimpars, so ly'ande:

«Rais te haimars me de du ovlåke høggespett, som inki orka stå imot ain vesali furusprett; te årsgut har 'ki e mair slik nau'arklegg, som 'ki evla likar å boygje ain furulegg.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *