Internt referansenummer: 31.08.2011 – BOK
Kilde:
Segner og sogur frå Bøherad
Olav Nordbø
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER Nr. 56
OSLO 1945
Klikk her for å lese ”Fyreordet”.

 

Underlege hende

Elling Innleggen fortalde at ei natt som han kom ifrå Eikja-bygda hende det honom noko rart. Da han kom til Stadskleiv, gådde han ikkje at før det var so fullt av smågrisungar omkring beina hans at det krudde. Men det var nok ikkje vanlege grisungar, let Elling om.

Elling tente på Bø (Major-Bø). Han var gardsgut og hadde hestestullet. Det var to hestar der. So var det glugg or stallsluga og inn i staller. Dei stappa køy gjenom dei glugga og inn i hekkane til hesten. Ein kveld Elling var i stalls-lugo og stulla hestane, hende det honom noko underleg. Da han stod og stoppa høy inn i hekken til den brune hesten gådde han ingen ting; men so skulde han stulle hin hesten og da kom det ei visen hand og greip honom over handleden. Det var haugbonden det. Det kunde ikkje anna vera. Elling har sjølv fortalt det.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *