Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE (1868 – 1923)
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Utearbeid

Lindyrking

Knud Olsson Lone dyrka lin på Knibe då han budde der.
(Andreas O. Leire)

På Skarpeid dyrka dei lin so seint som 1820-åri eller seinare.
(Gunnar Skarpeid)

Hjå Erik Stokkeland dyrka dei lin i 1830-åri.
(Johan Markusson Stausland f. 1847)

På Kleppland slutta dei ikkje med lindyrkingi fyrr umlag 1850.
(Ånon Larson Kleppland f. 1844)

Dei la linplantone i haug og «trampa» dei. So batt dei dei ihop i store bundlar. Sidan
var det å «bryde» dei med «linbråga», og «få» dei i vatn. Sistpå skulde dei turkast og
heklast.

Knibe og Ørmestad hadde hekla ihop.
(Gunnar Skarpeid)

Linhaugen er på Eig, millom Kringla og Tors-ura; der la dei linet, og der låg det og
«brogdest».
(Hendrikka Jørgensdtr. Eig f. 1832)

Når dei skulde spinna høren, vatt dei han ikring «hør-rullen» på rokken.
(Ånon Larson Kleppland f. 1844)

Åse Pernilla (f. 1825), gift med Markus Oftenes, spann hør til sytråd.
(Karen Beintsdtr. Lunde)

Katrina Stausland (d. 1869, 47 år gl.), kona til Nils Torkel-son, spann hør til
skomakartråd til mannen.
(Josefine Nilsdtr. Kleppland)

Av hørtråd vov dei strie. Strieskjortone var framifrå sterke å slita på, men dei var
stygt harde til å gnaga i skinnet, når dei var nye, og alle spikane sat i.

Jakob Markusson Ørmestad (d. 1866, 84 år gl.) dyrka lin. Når sønene hans før til
skogs i nye strieskjortor, drog dei skjortone av og dunka dei dugeleg uppetter ein
stein eller eit tre, so piggane tok til å brotna.
(Johan Knibe f. 1845)

Då Teodor Nilsson Stausland (statsrevisoren vart, f. 1842), var 8 år gamall, skulde
han vera med og hakka ein åker for ein av grannane. Han skulde hava fire skilling og
kosten. Han hadde nett fenge ei ny strieskjorta, og den var full av piggar. Då han kom
heim um kvelden, var han blodutt um ålbogane. Andre dagen fann han på å bretta upp
ermene, og då greidde han seg betre.
(Josefine Nilsdtr. Kleppland)

Brennenettor vart au nytta på same måten som lin. Dei spann tråd av dei.
(Jens Tønneson Lunde)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *