Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE (1868 – 1923)
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Utearbeid

Ved kverni

Når dei hadde male det fyrste kornet, koka dei velling og miste noko av den i ei skål.
So svinga dei skåli tri gonger yver hovudet og sa:

Gud la års grøe
bi års føe!
(Jakob Markusson Ørmestad)

Knud Lone (ca. 1782-1861) hadde kvernhus i Tvoråna. Han mol so grovt at dei sa
sådene var lengre enn havren. Jofrid Knibe (d. 1851, 76 år gl.) mol au so grovt; men
då sonen Kristen tok ved styret og kom til å mala, då vart det finare. Han vilde ikkje
hava det so grovt.
(Johan Knibe f. 1845)

Gunnår Olsson Repstad (d. 1857, 88 år gl.) var ved kverni og mol havre ein haust.
Dotteri og tenestgjenta sat heime og baka flatbrød; men mjølet var so grovt male med
so lange såder, at dei kunde ikkje få det til å hanga ihop. Dei visste det nytta ikkje å
beda han mala finare.

Men tenestgjenta fann på råd. Ho sopa ihop sådene som låg ikring på bakstebordet,
og baka ein leiv av dei. So smurde dei han, og tok han til kverni til millommat for
Gunnår.

Hòssen ligte døkke mellen ? spurde han. – Her kann I kjenne sjel, svara gjenta og
gav han flatbrødsbiten ho hadde med. Då han hadde teke nokre bitar, sa han: De va
heller skjurt. So la han kverni ned noko.
(Gunhild Knutsdtr. Eig)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *