Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968
Utgitt første gang i 1868

Uttrykk – (Ordtøki eller ordtøkju)

Når bådne fær sitt brek, so græt de 'ki.

Inki e verre en veta lite.

Norda gløtt, imorgo gødt.

Sunna glenne, imorgo renne.

De fylgje gråt ette skripalåt.

Trivin bi rivin å lat fær mat.

Han bi'a 'ki lengi den, som bi'a ette ain go dugurd.

De e vidt vegamot, sæl e den, som væl ha gjort.

Den, som har tiki tremen på ryggen, fær bera han fram.

Den, som illt gjere, han illt ottast.

Den, som Hit gjere, han illt fær.

Då ain slær skallin imot staine, tek ain han sår att.

Den kollute e 'ki go å ryskje.

Den, som agalaus leve, han ærelaus doyr.

Skogen har mange augu.

Han ser 'ki ain mann lenger en te tannars.

Når fantestaven ha vermst i høndenn, e han 'Id go å sleppe.

De e best høkle, me' sole skin.

De e mangt kort anna likt.

Fredagen e 'ki vikunn lik.

Lurdags regn vara 'ki te sundags messe.

Stor skalle å lite vet.

De e 'ki stort trone, fyrr de vil hava rove.

De som 'ki e noko illt i, e helde inki noko ljøtt i.

Vøre ain fyri vis, føre ain alder gale.

Raun ajø'e, sylju fø'e, heggen ber merg i leggen.

De vara lenger hole en bote.

I lognaste vatne era verste grunntrølle.

De e uvandt å laga ly'en ette mate, men inki maten ette ly'e.

Den som har klave, fær altid kyr.

Ai liten kjering gjere myki, me'a ai stor snur se.

Den som renne, han fyst kjenne.

De e illt vera sinna, då ingin e rædd.

De e tågjort me plistringenn, då vørridn era burte.

De e for saint å snyte se, då nasin e burte.

Svult e den baste krydd på maten.

De e 'ki so vandt me al kloter i slagteti'enn.

De ropa 'ki rume, som tomt e.

Den som fyst klem på kvedne, han mel.

Ingin e so stor, anna han må toygje se, å ingin so liten, anna han må boygje se.

Uta blank, inna krank.

Ain drikkar fø'e se, men ain uppetar alder.

Saka mann e snøgg å binde.

Te mair ain stryk katten, te mair raise han rova.

Tvau e godt som sjau.

kveld rau, imorgo dau.

Slå på maisadn, men maine på merre.

Den, som læt se eggje te stela, noygjest te hange.

Tre'e fell 'ki fyr fyste hoggi.

Alt de talte flyt ihop.

Som ain gjere unde se te, ligg ain te.

Alle ha set vogga men ingin grave.

Inki all tankin kjem i pungen.

De e 'ki godt stela mannen or ættenn.

Den, som live på armadn, fær svengje på tarmadn.

Den, som inki e rædd fyr skilling', fær saint å alder dalaren.

Fyredrygingi tek alt de ho fær.

Ait fang e 'ki noko legumål, å ai nott e 'ki noko giftarmål.

De leggst ænkort te vise te visefyr den, som kve'a vil.

Den som drep e tegivand, men inki den som held.

De e bere gå ain krok en væte si brok.

Søtt inn supe, men illt utatt lute.

Han misse 'ki, som fyst fær.

De e skamm å stela men større skamm haimatt bera.

Den fyste, som tek på grauten, fær 'ki himeriki.

Han ska 'ki skø'a hunden ette håro å inki fanten ette fillo.

De vait ingin, kå han har i sekki, fyrr han loyse upp bande.

De kara kor elden åt si gryte.

De e uvant vera far, men de skyna ingin vera mor.

Myki vil mair hava.

Halte å sprengde sku ytast på lengde.

De e 'ki brors byte i hestehandel.

Ant'ell må ain skikk fylgje ell land fly.

Kor må fara som ført.

Den som mest kviska, han mest lyg.

Han fær fisk, som ut ror.

Han unne liv, som lite giv.

Makt maka mo, å pe'ingadn brjøte.

De auga, som inki ser, de held inki græt.

Låverone e go hava.

Matbyrde e alder for tung; (ho sin åt se'a).

De e skamm eta myki, men større skamm faive lite.

Um de o alder so høgt tre må de aigong falle.

De e vandt velja i primholki.

Fule folk era verre en vonde ånda.

Kyre vil 'ki minnast, at ho ha vore kalv.

Ai liten ri vara 'ki ævindeli.

Ain sø'supar e kjøte verd.

Når den fatige bi rik, bi han fan lik.

De e uvandt se'a ain ting, men verre gjera han.

Som ain turka, so mel ain.

Han fær fala som trøngd e, å naike, som inki har rå te.

De bruka kor si sponegjerd.

De sine trølle går 'ki på de are.

Den aine rabnen høgg 'ki auga or dai are.

Gryta slepp finne åt kitile fyr kolo.

De e 'ki longer berga myljo anna trøll finnast.

Ung å galen e tegivand men gamal å galen alder.

Den same herren som væte, han turka me.

Lite mat gjere husehat.

Den gamle mannen e 'ki go å dylja.

De e bere fø'e ain katt en mange mysa.

Han ska 'ki syne ain jåle halvgjort arbai.

De e 'ki verdt taka fyste fisken, som bit.

De e ingin væn, då han græt.

Den som 'ki fær verme se, slepp å brenne se.

De e 'ki godt å halde, de ain inki har i neva.

Tjuv, som stel; hengjast som ette spyr; auga or dai, som misse.

Den, som tek upp stain åt are, fær sjå te, so han inki fær tå hono sjøl.

De e 'ki ain manns høve å gå burt å gifte se.

De nytte 'ki have nabne å inki gagne.

De e 'ki vandt fyr galne folk, då ain kjem, der dai era.

Heime alen e burte galen.

De e bere passe saumen en misse skoren.

De gror ette skrubbolønn, men ugjerest ette tjuvehønd.

Mett magi spela, men inki fagert klædd.

Vilin dreg halvt lass.

De e raint lyte de, som ain kan två tå se.

De som me synd kjem, me sorg går.

Tå ai go rot veks upp ai go grain.

De kjem ofte troll i ord.

Den yrkeslause må ænkort gjera.

Ain vai'e 'ki myki me dai hunde, ain ska lai'e te skogs.

Den som ska spå, må ant'ell ljuge held å hitte på.

De står mangain prest ve høggestabben.

De e mange maura um ain makk.

I ait stort bole bi jabnan alt øle.

Då hunden ha biti, so siaikje han i såre.

Te flaire kokka de e, to verre bi sø'e.

Den aine branke., den are bryt, den tre'a fyr ska'a bi.

De e 'ki skamm bjø'e te.

Den låge hesten e lettest trø'a på.

Skjore vait, kå purke ho set se på.

Muse doyr 'ki unde fôrlasse.

De tre'a å de fjorde ska tesamen klore.

De e lett å spå ain dau mann faig.

Då ain 'ki fær nåttero, har ain 'ki dagen go.

De e vandt tena två herra te takke.

Te faitar rjumegrauten e, te vi'ar flyt han.

Sykne bru e helgedags su.

Bø'en kost e noytt.

Våga ain 'ki, so vinn ain 'ki.

De e foygint å fagne, då are lata te.

De, som ligg på lunge, kjem på tunge.

Ain titen pæl kan gjera skamm tå ain stor mæl.

Den, som handle på borg, bitala me sorg.

Den, som har større sinne en vet, gjere jabnan galne strek.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *