Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968
Utgitt første gang i 1868

Vardyvle

Vardyvle skulde vera alt dyrliknils, som fylgde menneskja som ain varastudna fyr di i alle uhøvu, som te kunna råkast, å alle menneskju skulde hava kort sitt vardyvle. De va usynle mest fyr alle, men når de hende so, at ængor hadde vorte haugtikin å se'a slapp utatt or haugi, so vart han syn, som de kallast, å slike kunna sjå vardyvludn åt alle menneskju.

De va ain mann, som hadde vorte haugtikin i try år å som slapp utatt ve ait serfelle. Han aitte endå Hans Skjakling, å han va syn haile ti'e ette han kom utalte or haugi.

Han vangla jamt umkring i reppo å levde tå di, at han fyr ain liten svultamun, som dai govo te hono, sa'e folki, kå vardyvle kor hadde te fylgje. Han gikk jabnan berrskalla, va fåmen å sjå te, å de fylgde ai nøggle kome me hono.

Når han kom te sætes i stugo hjå folk, sat han å hyfste å skrykte på se å skinrengde augu hit å dit uti rønadn. Sume menneskju tå dai, som inne voro, sa'e han, hadde so fæle dyr te vardyvlu, at de va tå ræddhugi, at han vanskipa se slikt som han gjorde.

Han fortalde, at vardyvle stødt kjem ait lite bil fyri de menne, som de e fylgjesvain åt. Når de so e dai som hava løve, bjødn ell draki te vardyvle, då tek no grysken me hardast, let han, men silke voro tryggaste fyr alder å bi overkuva korki tå menneskju ell udyr, men dai, som hadde harin ell sau'en å slike spake dyr te vardyvlu, va de fårle fyr, at dai vorto ihelsligin ell røva.

Attåt desse rudde han um, at når nokon går fram um ait naut, å de so tek te gasa å olme å tenja att å fram, so har stødt de menne ait stygt fårle klodyr te vardyvle, men når naute spring ette ain å ve'ra ell ser ettelåtugt ut, so har de ait tå dai golåtne dyro, sau, hare ell slikt, te vardyvle.

Når stuguhurde tverskvett tå se sjøl upp or gåtte, ska slikt vera merki på, at de kjem inn vardyvle åt ænkort menneski, som då trast kjem te husann' ette; men dersom nokon nyle e faren frå huso, e de merki på, at vardyvle ha vorte att inne, å at de vil utatte ette desse menne sino, som aig de. Når nokon nyle ha gingi ut or stugunn, ska den, som e att inne, ait lite bil ette læta upp hurde på grøtt, so vardyvle kan få sleppe ette dai, som faren e.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *