Internt referansenummer: 15.04.2009 – A
Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

Varsku tufsane

Dei gamle var redde for å koma for brått over tufsane, så dei ikkje kom seg av vegen. Det kunne hemne seg å gjera skade på tufsane. Når ein slo ut vaskevatn, måtte ein både kremte og spytte foreåt for å varsku tufsane. Det same måtte ein passe på når ein skulle late vatnet. Tømmerkarar som dreiv og bygde, måtte hugse å kremte og seie «Tvi»! før dei kasta ned ein bordbete. Ingen kunne vite om det ikkje stod ein tufskall nedunder. Han Tørres Volla spytta alltid føre når han kasta ned frå taket, så tufsane kunne koma seg unna.

Ein legdekail som heitte Johannes Dille, fortalte om at han var i Kvennvik’n i Åstfjorda ein gong. Der trudde dei ikkje på tufsane. Ikkje ville dei kremte når dei slo ut vaskevatnet, ikkje spytta dei føre når dei pissa til kvelds. «Å dem fekk sjå kor det gjekk», sa han Johannes. «Om morgon’ hong grisen ette tonno på veggja, steindau. Og kjyn’ va mjølka, de fanst ittj’ att droppan ti dem».

Ola Aunbakk frå Hollagrenda, f. 1863
Ola Bergshaug frå Kjørsegrenda, gift til Sinnes, f. 1859.
Ingeborg Sinneshaug, f. 1856
Arnt Vollen, bonde, Snillfjorden, f. 1872

Han Simen Bjørkli’n tjente i sin ungdom uti Røssli’n. Ein gong han gjekk og pløgde om våren, braut han av skoklane. Da var han så stuttenkt at han kasta bitane inn i vedskottet utan å kremte eller spytte føre. Med det hadde han nok erta tufsane, for han fekk så eldande vondt i eine hofta si at han ikkje kunne gå. Det vart sendt bod over fjellet åt Medala, åt ein som kunne råd for slikt. Da han som gjekk med bodet var på heimveg att, vart han Simen god att.

Ola Bergshaug frå Kjørsegrenda, gift til Sinnes, f. 1859.



Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *