Kilde
FOLKELIV I SETESDAL
Av Svein Hovet
Rune Forlag
Trondheim 1969

Vass-saga

Det var mange vass-sager i Setesdal,
og dei fleste har vel fått eit gløtt av desse sagene, om kanskje ikkje
alle har sett dei i bruk. Men det var har som med kvernhuset, at ein
måtte nytta seg av flaumvatnet, iallfall i dei mindre elvane. Det var
helst haust og vår det vart saga, når det var stor vass-føring i elva.
Med lite vatn vart det seint og dårleg arbeid, det skulle ikkje så lite
kraft til for at sagbladet kunne skjera seg lett og fort gjennom
tømmerstokkane.

Men trass i at dei fleste vass-sager nå står ubrukte og rotnar ned, kan
det vel ennå finnast ei og anna som er brukande, og som vert sett i
gang i eit knipetak, når ein skal ha material til eit eller anna på
garden. Elles har det vel vore nokså vanleg at ein køyrde fram tømmeret
på vinterføret, og saga det opp når vårflaumen kom.

Kva tid den første vass-saga vart oppsett i Setesdal, kan vel ingen
veta så heilt nøye. Men mange stader utover landet var ho iallfall i
bruk på 1500-talet, og har såleis vore meir og mindre i sving gjennom
fleire hundrad år. Dette å utnytta skogen til hus og husbunad, tok nok
menneske tidleg til med. Men frå først av var det nok berre ei primitiv
øks dei hadde å hjelpa seg med, det kravde mykje slit og lang tid. Trea
vart kløyvde med kilar langs stokken på båe sider, seinare øksa til så
godt det let seg gjera.

Så kom den såkalla oppgang-saga, som folk sikkert tykte var eit stort
framsteg, den gong dei ikkje visste om noko anna enn øks. Ein fekk
iallfall noko finare material å arbeida med, men fort gjekk det ikkje.
Når ein tømmerstokk skulle sagast med oppgangssag, vart han lagd opp på
høge trebukkar, for dei som skulle saga, trong stor plass. Ein mann
stod oppå stokken, og ein nedunder, medan dei drog i kvar sin ende på
den lange saga. Det var muskelkrefter som måtte greia det heile, og
kostbart var det å få til nokre bord-stubbar med ein slik reidskap.

Ja, ein kunne vel mest tru at ein aldri vart ferdig med å saga opp
material til eit heilt hus. Men vi har ennå hus som vitnar om at det
let seg gjera, og som syner kva slag arbeid oppgangs-saga gjorde.

Men også lenge etter at vass-saga var komen, vart oppgangssaga nytta i
visse høve, serleg på stader som låg avsides, og der det var vanskeleg
koma fram med køyrereidskap. På bortgøymde fjellgardar finst det ennå
hus der all material er saga med oppgangs-sag, og attpå boren fram på
mannerygg. Likeins ved bygging av stølsbuer i fjellet var oppgangs-saga
lenge i bruk.

Etter kvart vart det mange vass-sager der det var høvelege elvar, og
dei var vel for det meste tenkt som ei sjølberging for næraste folka
omkring. Det kunne vera ein eller fleire gardar som var eigar av saga,
og dei nytta gjerne tida mellom onnene til tømmerskjering, så sant det
på den tid var vassføring nok i elva. Det var nemleg vassføringa som
for ein del avgjorde kor fort ein kunne skjera, det nytta lite kor
kvasst og godt sagblad ein hadde, dersom der ikkje var krefter nok til
å skjera det snøgt gjennom stokken.

På ei nokonlunde bra vass-sag kunne dei skjera opptil 5-6 tylfter
tømmer på ein dag. Men ein bør vel hugsa på at det var ein lang dag.
Sjølsagt hadde det mykje å seia kva slag tømmer ein fekk å gjera med,
og kva slag material det skulle skjerast til.

Der saga var plasert ved vatn eller fjord, vart tømmeret slepa fram med
båt, andre stader køyrt med hest. I saga var det laga til eit serleg
hjul med jernkjetting, som vart nytta til å dra tømmeret opp frå vatnet
til sagbenken.

Nå skulle ein tru det måtte vera fritt for kven som helst å setta seg
opp ei slik vass-sag, om ein t.d. ville skjera opp tømmer for sal. Men
det var nok ikkje tilfelle. Kongen nede i København hadde nok oppdaga
at det var mogeleg å få ei innkoma her òg. Difor var det berre nokre få
utvalde som fekk lov å driva med slike sagbruk, helst folk som budde
nær inntil byane og hadde vilkår for stort sal, og dei hadde då årlege
utlegg til kongen. Vanlege bønder kunne nok få lov å sette seg opp ei
sag i elva eller bekken, men dei fekk ikkje lov å saga meir enn dei
trong til eige bruk. Skulle nokon finna på å saga tømmer til sal, utan
kongeleg løyve, kom lensmannen og tok med seg sagbladet, og attpå vart
det rettssak. Den som vart ute for slikt, måtte først få sitt kongelege
løyve i orden att, før han kunne setta saga i gang.

Etter kvart som vass-sagene kom i bruk, skjøna folk kor stort verd
skogen hadde. Før hadde dei ikkje tenkt så mykje på det, og grensene
mellom eigarane var uklåre og samanblanda. Difor vart det snart fart i
utskiftinga av skogen for å få meir klåre grenseliner. Men det var inga
lett sak, der folk i lange tider hadde brydd seg lite om kvar grensene
gjekk.

Det er nok for dei vanlege gardsbruk at vass-saga har hatt mest å seia.
På ein gard vil det jamt vera spørsmål etter material, både til
fornying og vøling av gamle ting, og billegaste måten å få det til på,
var å gå til skogs og hogga seg tømmer, og køyra det på saga. I seinare
tid har det vel helst vore slik at det var berre ei sag i bygda, så
kunne kven som helst få sitt tømmer skore der til rimeleg pris.

Trass i at både vass-saga og kvernhuset hadde den same plass ved elva,
har ikkje saga fått slikt rom i folkefantasien som kvernhuset. Kan
henda det kjem seg av at dei liksom hadde kvar si årstid, kvernhuset
den mørke, og saga den lyse. Ved kvernhuset tusla så mangt, men ved
saga var det stilt. Ingen romantikk ved dei oppskorne bordstablane,
ingen nykk som spela harpe, ingen fossegrim som spela, eller gjorde
fantestykke med sagmeisteren. Nei, det var berre ved kvernhuset slikt
kunne hende. Og nå er både vasssaga og kvernhuset gått over i historia,
stort sett, etter å ha gjort godt og nyttig arbeid gjennom lange,
vanskelege tider.

(Se egen link til omhandlende vassager og oppgangssager på www.wikipedia.no)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *