Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

Ved Aksjøen

Landet kring Aksjøen låg til garden Vasslien.

Ei tid var det tre husmannsplassar ved Aksjøen. Det åra tidleg der, og husmennene hadde broti opp små åkerlappar og dyrka korn. Ved ein bekk hadde dei fått opp kvern.

I 1814 skal det ha komi ei kunngjøring frå landsstyret. Den gav husmennene løyve til å hogge ned skog og brenne av og så korn i oska. Det er ikkje kjent at noen av dei som sat husmenn ved Aksjøen laga seg åkerland på det viset.

Men i Kolsvelia vart det brent skog og sådd rug i aska.

På eit anna stelle vest på Åsen var det ein som fór med å skulle brenne. Men der gikk det gali. Han visste vel ikkje koss slikt arbeid skulle gjøras. Varmen tok overhand, og mye skog vart avsvidd.

To av dei som sat husmenn ved Aksjøen, gav opp og flytte. Han som vart att, kom uti ein spassasi med ein bjørn. Det var om høsten, og kornet var komi på råstaur. Mannen hadde tent på noe rål borte ved ein av åkerlappane. I kveldinga var han så ute ein sving og ville sjå til om det var sløkt der han hadde tent på. Han vart da vari at det flara og brann med høg loge borte ved åkeren. Han bort. Da var det ein bjørn som dreiv der og nuppa kornræer og kasta på varmen.

Mannen hadde børse, det var bare flintelås i dei tider. Han inn etter børsa.

Det gikk feil med første skottet, har det vori fortalt. Men han fikk i nytt skott og vann å få bjørnen i hel (N. Land).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *