Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

Vi hadde ei tenestjente frå Hammarlien…

Vi hadde ei tenestjente frå Hammarlien på Veståsen (N. Land).

Før ho kom hit, hadde ho vori i teneste i Bardala. Jenta tala på at det var ei gammal kjerring der i Bardala, ho hadde så mange gjerder. Mellom anna ville ho at ein skulle sitte så lenge over kua når ein mjølka.

Det var ein kveld dei dreiv ihopes i fjøset desse to. Dei hadde nybør ku. Da dei hadde gjort unna mjølkinga, samla gamla mjølka og stelte seg til å gå inn. Det var noe hålt i fjøsvegen. Der hadde kjerringa snåva og spilt mjølk.

Først ho kom inn, fór ho strake vegen åt peisen etter ein eldbrann. Denne bar ho ut dit ho hadde spilt mjølk. Så gav ho seg til å slå på issvullen så eldmørja dreiv.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *