Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968

(Første utgave 1868)

Villands-ætte

Å brigde myljo Blank-Ola å Tollaiv

Ain gamal hestehandlar, som doydde fyr ain tjue år sea, rudde um, at han ai gong, mea han va ung, kom på Aurlandsvangen nordafjells. Der budde då ai øldrug kønu, som va svøllug me, å ho rudde myki um, at ho minntest, at han Blank-Ola for å kjøpte gampa der, då ho va umagi.

Når han kom nord um våradn, pla han jabnan taka se ait drykkjeras der på Aurlandsvangi, å då vart han uppost å vanskipa attimyljo. Når so barst te, sa'e kønu, «so Gud hjelpe meg skok han seg ki då, so at de snaudt torde ve' karmannskrypen haima på halva mili ikring Vangin her.»

Ho fortalde me, at han Tollaiv likesom far sin for der nord å handla um våradn, å då drakk han på Aurlandsvangi han me sume løtu. De råkte då stundo, at han me øste se upp å vanskipa se, å då rudde han stugu; «men han rudde då ki haile rappen, som far hass gjorde, men berre rainska huse fyr fanta, som skriputt voro.»

«Å inki kunne han no ha rå'e te ve', so byrg'e held'e han Toffaiv,» sa'e ho, «for han såg ut som ain gjæslegut imot hono Blank-Ola, far sino, å de va inki litevætta te åbrigde.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *