Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 196
8

(Første utgave 1868)

Villands-ætte

Um buseten i Rikansrud

På Rikansrud sunna åsen va ain rik busete, som va skyld me villando. Hjå hono tente ai gjente or Haga. Brøradn henna voro kjempu, å dai skjenkte buseten so full, at han inki viste, å føngo so presten, som va ain kapellån, te å feste buseten te syste dairre.

Då buseten vart ædrug, ira han på de han hadde gjort, me'a han va full. Han sende bø te villando, å ba dai koma te se å taka me se syste si ho Margit, som då va åtjan år gemal, å skjusse festarpika ifrå se.

Dai fire eldste villandadn å ho Margit komo te Rikansrud, toko festarpika, som hedde gjoymt se i fjøse, å la'e hona å kista henna på ain sle'e. So sette dai hesten fyr å kjoyrde ne i Hagin me hug å skrik å velte festarpika å kista tå uti garde. Hagakjempudn møtte me ladde byrsu; men dai måtte lell gjoyme se unde sængenn finne i stugunn sina.

Buseten ga derette de, han åtte, te villando; ho Margit fekk Rikansrud, Elling Tune, Torkjell Nyhus, å Nils Nøs. Sume ha sagt, at buseten fekk sin fyste rikdom i ait negrave pe'ingskrin, som han fann.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *