Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968
(Utgitt første gang i 1868)

Villands-ætte

Um Højilofte

I gamle døgo sto de uppsett ait hus på søre Villand, som dai kalla Højilofte. I dette samlast stundo umagadn fyr å halde samlag. Dai kjøpte då ihop fyriåt malt å humle å laigde ait kvendfolk te å bryggje å laga alt væl te te høgti'enn. Når dai då komo ihop, vart de fyst drukki ette som kor hadde hug te, å sea heldo dai på å danse.

Lofte hadde tryå høgdi, å desse rume, bu, stolphus å loft va haile bygna'en. I bu'enn hadde dai alle drikkande varu, i rume ovafyr dansa dai, å i di øvste samlast dai, som voro helden fyr dai mætaste i samvære.

I dai ti'o va de ai a'n gjerd på klæ'ebuna'e både hjå karmenna å kvendfolk. Karmennadn gingo me kvit mjærmsi' troye utapå, å rau undetroye; bå'a voro utstikka me sylkitrå tå imse leti. Brjøstduken va jabnast grøn å skulde ki vera åtknept lenger enn te me'livs, so de synte fram ai ra me sylgju midt ette bringunn, dai støste øvst å dai minste neafyr. So hadde dai knebrok, som va utstikka ette bå'u læro å me knespennu å kneraimspennu i. I skono va de store sylvspennu. På huvu'e hedde dai trysnytutt upsett hatt å umkring live ai løvdebrai gjurd tå gul elgshu' me sylvspenne midt frame, å tviluta knivslir. Håre leto dai vexe so langt de vilde, berre dai klypte de ender å då, at de inki skulde mutast; å solaise nådde de ofto te setes. Gult å lokkutt hår va helde fyr de gildaste.

Når de høvde so, at två menna, som voro uvini, møttest i slikt lag, vorto dai jabnast samd um å gjera de ut der me å spenne belte, å kor skulde då bruke sin haimatekne kniv på sin uvin. Beltesetningen gikk so fyre se, at dai bundo korare ihop ette korsandes belte, som skulde knytast ihop midt på mjåddenn. De va två knive i kor stir. Den vann, som va knappast te stinge. å jabnast endast de so, at den aine tå dai fall på flekki.

De syne enno laftstainadn ette bygna'e desse.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *